Foto: Stord Pentaqueklubb
- Annonse -

Den populære nisjeidretten på Stord ønskjer å vekse vidare i eit drivhus.

– Klubben har i desember fått tilbod fra Fronta om å kjøpe eit storre drivhusanlegg på Heiane med omkringliggande tomt. Dette er for klubben interesant, serlig med tanke på vidare vekst og det å få komma under tak, skriv Ole Angeltveit i Stord Petanqueklubb i eit brev til kommunen.

I dag held pentaqueklubben midt i Leirvik sentrum, utanfor kulturhuset. Klubben skal i sommar arrangere petanque-NM som vil gå over fire dagar.

Vil gjere idretten meir attraktiv

Angeltveit meiner kjøp av drivhuset på Heiane vil gjere idretten endå meir populær på Stord.

– Eit slikt anlegg vil gjere det meir atraktivt å vere aktiv i klubben. Eit slikt anlegg vil
også kunna vere eit turmål for dei mange på Stord som går turar. Kommunen vil også kunna bruke dette til aktivitetar, kanskje for mandagsklubben og andre. 

Petanqueklubben skriv til kommunen for å få økonomisk hjelp til kjøpet.

- Annonse -
- Annonse -

– Klubben ber Stord kommune om økonomisk hjelp til å få kunna kjøpe dette anlegget. Eit slikt anlegg vil ha svært låg driftskostnad, og dette vil me klare sjølv. Me treng også middlar fra ulike gode stotteordningar og ber om hjelp til å finne ut av desse.

Drivhuset det er snakk om er det gamle drivhuset til Geir Mikkelson i Stord Haugeland på Horneland.

- Annonse -

Skal ikkje flytte frå Leirvik

Oppdatering: Leiaren i Stord Petanqueklubb, Arild Skjæveland presiserer i ein epost til Stord24 at det førebels ikkje er bestemt at klubben ønskjer å kjøpe dette drivhuset.

– Som klubb er me ikkje i nærleiken av å gå inn for noko kjøp av dette anlegget. Før den tid skal det arrangerast årsmøte og det er haugevis med ting som skal på plass før det i det heile tatt skal vurderast.

Skjæveland forsikrar også om at klubben ikkje kjem til å flytte frå Leirvik.

– I Leirvik sentrum helle har me eit fantastisk anlegg, og trivst veldig godt. Grunnen til at me vil inn på Heiane er at det området me har innandørs i Ringveien no er litt for lite, har restriksjonar på speletider, og er ikkje mogleg å bruka for spelarar i rullestol.

– Men inn i drivhuset skal me, uavhengig av om det blir kjøp eller ikkje, seier Skjæveland.

- Annonse -