Foto: Tove V. Bråthen/visithaugesund.no / Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Dei to bykommunane søkjer om støtte til ein regional plan for korleis Sunnhordland og Haugalandet kan kome styrka ut av regionreforma.

– Reforma gjer at Haugalandet og Sunnhordland kjem i ein utfordrande situasjon, på kvar side av fylkesgrensa. Dette skapar barrierar innan mange sentrale område, som utdanning, samferdsle og regional utvikling. Med fleire oppgåver til fylkeskommunane, vil utfordringa i vår region bli større.

Dette er ifølgje orførarane og rådmannane i Stord og Haugesund bakgrunnen for at byane no har søkt saman. Under eit møte tidlegare i vinter vart det betemt at det skal bli laga ein regional plan for Haugalandet og Sunnhordland.

Søkjer om støtte

Kommunane har no søkt fylkesmenna i Hordaland og Rogaland om 600.000 tusen i støtte til å utvikle planen.

– Samla sett er statlege og fylkeskommunale grenser ei stor utfordring for regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden. Sunnhordlands- og Haugalandsregionen må førebu seg på dei endringane som no skjer som følgje av kommune- og regionsreforma, skriv ordførarane og rådmenna i dei to byane.

Vidare vert det peika på at det manglande samanslåinga av kommunar i regionane har gjort situasjonen ekstra vanskeleg.

- Annonse -

– Både Haugesund og Stord hadde intensjonsavtalar med nabokommunar om kommunesamanslåing, men utfallet blei i begge tilfella ikkje samanslåing. Me merkar alt no at kommunane og regionssentera blir relativt mindre i høve til dei nye og større kommunane rundt Bergen og Stavanger, og at desse får større merksemd frå det regionale og nasjonale nivået.

Gode føresetnader

Aktuelle tema som skal vurderast i planen kan til dømes vere næringsutvikling, utdanning og kompetanse, statlege og regionale funksjonar, samferdsle, miljø, sjøområde og kommunal planlegging.

– Regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden er sterk og føresetnadene for vidare vekst er gode. Fylkesgrensa og inndelinga av statlege etatar kan hindra denne utviklinga, noko ein ønskjer å motverke med ein regional plan, står det i søknadsbrevet.

– Situasjonen tilseier no at me vil løfte «regionen mellom Bokken og Bjørnen» som ein felles bu- og arbeidsmarknad.

- Annonse -