Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) og Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap). Foto: Jonas Sætre/Stord24 / Bømlo kommune
- Annonse -

Nabokommunane skal halde felles kommunestyremøte på Rubbestadneset i november.

Stord og Bømlo kommunar har nyleg fått midlar frå fylkesmannen om å samarbeide med planarbeidet. Dermed vert det no eit tettare samarbeid mellom naboane om samfunnsplanlegging.

– Kommunane Bømlo og Stord utgjer, saman med  Fitjar, ein felles bustad-, transport- og arbeidsmarknad. Begge kommunane har vedteke å rullera kommuneplanane. Difor har Bømlo og Stord saman søkt og fått tilslag på midlar til felles kompetanseheving innan plan og samfunnsplanlegging, opplyser Stord-ordførar Gaute Epland (Ap).

I samband med dette blir kommunestyra i Bømlo og Stord kalla inn til eit felles møte 8. november. Her kjem det innleiarar frå offentleg og private verksemder og kompetansemiljø.

Tema for møtet er «Attraktive lokalsamfunn», med spesielt fokus på arbeidsplassar, handel og transport.

– For å sikre god utvikling av lokalsamfunnet over tid er det naudsynt med god kompetanse på plan og samfunnsplanlegging både hos politikarar og administrasjonen i kommunen. Eg er difor glad for at me fekk tilslag på skjønsmiddelsøknaden og no kan gå i gang med eit felles prosjekt på dette saman med Bømlo kommune, seier Epland.

- Annonse -

Ordføraren viser til at begge kommunane skal rullere kommuneplanane, og at samarbeidet difor passar bra.

– Samarbeid over kommunegrensene er positivt i seg sjølv. I tillegg skal både Stord og Bømlo i gang med revisjon av kommuneplanane våre, der me står overfor felles utfordringar og moglegheiter, så eg trur det er mykje å henta på eit slikt samarbeid.

- Annonse -