Foto: Stord24
- Annonse -

Stord kjem dårlegast ut blant campusane til studentsamskipnaden på Vestlandet når det gjeld dekning til studentbustadar. Studentbustadsundersøkinga 2018 viser at Stord berre har ein dekning på omlag 10 prosent.

Undersøkinga visar at studentsamskipnaden på Vestlandet, «Sammen», er ein av dei som kjem dårlegast ut på landsbasis. Dei manglar til saman 3010 bustadar for å nå det nasjonale målet om 20 prosent dekning.

– Sjølv om det er eit mål om å ha 20 prosent dekning er det ikkje alle stader som treng så mykje, fortel bustadssjef for «Sammen», Birgitte Lilleskog.

Kort venteliste

Trass at Stord berre har ein dekning på omlag 10 prosent, fortel Lilleskog at det er få studentar på øya som står utan stad å bu.

Birgitte Lilleskog. Foto: Sammen.no

– Eg har ikkje nøyaktig tal på kor mange me plar ha på venteliste akkurat no, men det er snakk om fem til ti stykker som ikkje får plass.

Fordi campus på Stord ikkje plar ha lang venteliste, vert det ikkje vurdert som naudsynt å ha studentbustaddekning på 20 prosent.

- Annonse -

– Det varierar frå stad til stad kva behov ein har. Per i dag har ikkje me det behovet, fortel ho.

Brukar den private marknaden

Lillekog fortel at som veldig mange andre studentar i landet, nyttar studentane på Stord seg av den private marknaden.

– Dei som manglar stad å bu finn seg det privat. Akkurat no er det ikkje eit problem for oss, seier ho.

– Ser de for dykk å måtte byggje fleire studentbustadar i framtida?

– Ikkje per i dag. Det er så få som står på venteliste at det er ikkje nok å byggje studentbustader for. Dei få som ikkje får plass finn seg bolig privat, fortel Lilleskog.

Oversikt over dekningsgrada av bustader til studentsamskipnaden på Vestlandet. Foto: NSOs studentboligundersøkelse 2018.