Anne-Grete Sandtorv i Stord næringsråd vil ikkje prioritere Miljøgata gjennom sentrum, men er ikkje avvisande til bompenger.
- Annonse -

Meiner den føreslåtte soneinndelinga bør erstattast med bomstasjonar ved kommunegrensa, der ein maks skal betale to passeringar om dagen.

– Det er frå Stord Næringsråd si side ikkje ønskjeleg med ein Stordpakke som gjer det
vanskeleg og kostnadskrevjande for næringslivet i den daglege drifta, skriv Anne Grete Sandtorv i eit brev til ordføraren.

Ho meiner rådmannen sitt forslag, om å dele inn byen i fire sonar, vil slå uheldig ut med tanke på handelen.

– Det er svært viktig at bomstasjonar ikkje fragmenterer Stord som kommune. Dette vil vera uheldig for sentrumsutvikling og det vil gje eit dårlegare tilbod til store delar av kommunen.

Men også næringsrådet, som tidlegare har vore svært skeptisk til den planlagde Miljøgata gjennom sentrum, meiner nokre av vegprosjekta er viktige. Rådet meiner Litlabøvegen bør prioriterast, og at ny veg frå Ådland til Øvre Sæ bør koma før Miljøgata.

Dermed er ikkje næringsrådet heilt avvisande til Stordpakken. Men vil heller legge opp til ordninga som var på Bømlo tidlegare, der det er pendlarane og dei som køyrer inn og ut i kommunen som skal betale for gildet.

- Annonse -

– Som eit minimum bør bomstasjonar flyttast ut til kommunegrensa, og det bør vere betaling for maks to bompasseringar til dagen. Etter det bør det vere gratis.

- Annonse -