Ole Paus. Foto: Nina Djærff
- Annonse -

Eit musikalsk prosjekt frå 1998 vaknar til liv att når Ole Paus saman med koret Ad Libitum Sveio og lokale musikarar held konsert i Sveio Kyrkje førstkommande sundag.

Albumet som gjenskapast er «Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønnn» av Ole Paus og Oslo Kammerkor.

På sundag går den folkekjære artisten på scena for å framføre dei same songane, blant andre saman med jazzmusikaren Ole Jacob Hystad frå Stord, og Stord-pianist Svein Ragnar Myklebust.

Ad Libitum er eit blandakor med base i Sveio. Koret vart stifta i 1983 og tel i dag ca. 30 songarar.

– Samspel og samarbeid har vore – og er – ein raud tråd for koret, med årlege prosjekt og konsertar i lag med profesjonelle artistar og musikk-krefter – seinast åra med Sigvart Dagsland og Ola Bremnes for å nemna nokre, skriv koret i ei melding.

Utanom Ad Libitum er også Sveio vokalgruppe og følgjande artistar med; Ole Jacob Hystad (saksofon), Kjetil Olai Lundø (kontrabass), Torbjørn Økland (gitar) og Svein Ragnar Myklebust (tangentar/orkesterleiar).

- Annonse -
- Annonse -