Byen held fram med å vekse.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den maritime samlinga har laga ein alternativ driftsmodell, men ønskjer likevel at Stord kommune skal støtte dei med 1 million kroner dei neste tre åra.

Stord Maritime Museum har hatt frist på seg til oktober for å kome fram til ei ny driftsløysing, etter at kommunestyret i juni vedtok å fase ut den kommunale støtta til museet grunna brot i samarbeidet med Sunnhordland museum.

No har samlinga planen klar for korleis dei ønskjer å drive vidare. Likevel er dei avhengig av at Stord kommune held fram med å gi dei støtte.

– Vil ta tid

I søknaden dei no har sendt til kommunen har dei søkt om ei støtte på 350.000 kroner for 2018. Dei ønskjer å sende tilsvarande søknader følgjande to åra.

– I vårt strategiarbeid ynskjer me å verta mindre avhengig av årleg økonomisk stønad frå Stord kommune. Likevel erkjenner me at dette vil ta tid, og ber om at Stord kommune gjev oss eit økonomisk bidrag over tre år framover, skriv styreleiar Ole Yttredal.

- Annonse -
- Annonse -

– Me meiner å ha funne eit organisasjonsmessig drivverdig grunnlag men ser at me treng noko omrømingstid.

Samarbeid

No har samlinga oppretta eit nettverk beståande av verftsmuseet på Kværner Stord, Veteranlaget Wichmann på Rubbestadneset og veteranskipet M/S Sunnhordland.

Blant desse aktørane er det inngått ein intensjonsavtale som skal skal fremje og styrkje desse musea kvar for seg men også syta for at einingane lærer av kvarandre og utvekslar erfaringar og felles interesser.

– Det er opning for at fleire museum og andre private industrisamlingar kan verta medlemmer i dette nettverket, skriv Yttredal.

- Annonse -

Ifølgje budsjettet for neste år vil støtta frå Stord kommune vere hovudinntektskjelda. Det er lagt opp til at samarbeidspartnarane vil gi tilskot på til saman 100.000 kroner, og Venelaget for samlinga vil ut med 75.000 kroner. Billettinntektene er budsjettert til å vere beskjedne 20.000 kroner.

Vil ha hjelp

Stord Maritime Museum skriv også at dei no har teke opp kontakten med Sunnhordland museum, etter at det har vore tilnærma isfront mellom aktørane sidan i vinter. Saman med andre museum i Hordaland har dei ifølgje Yttredal blitt invitert til å ha kontakt med musea for å sikre ei museumsfagleg utvikling.

– Me ønskjer å framstå som eit sjølvstendig museum eller samling og ønskjer å vere Sunnhordland Museum sitt utstillingsvindu når det gjeld maritim og anna industriell historie. Stord Maritime Museum har ei verdifull samling og har mange gode aktørar med fagleg bakgrunn frå maritimt virke som brenn for dei verdiar som ligg i denne samlinga.

– Musea har og interesse av at Stord Maritime Museum har ei museumsfagleg tilknytning opp mot dei etablerte musea. Sunnhordland museum har eit særskilt ansvar for dette i vårt distrikt.

Ny organisering

Samlinga ønskjer å organisere seg på ein noko anna måte enn tidlegare. Stiftinga Stord Maritime Museum skal framleis halde fram som eigarstyre for samlinga. Den består av to representantar frå Oma-familien og ein representant frå Stord kommune. Representanten frå Sunnhordland museum har tidlegare trekt seg.

No vil det bli oppretta ein «driftsleiing», som skal forvalte og ha det leiande ansvaret for drift og utvikling av samlinga.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -