Stordflyet innstiller Oslo-ruta fram til 5. april. Siste flyging til Oslo vert tysdag ettermiddag. Foto: Thomas A. Hjelmen
- Annonse -

– Stordflyet kansellerar samtlege ruteflygingar på Oslo-ruta frå og med i ettermiddag, melder Stord lufthamn tysdag morgon.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust opplyser at kanselleringane gjeld fram til 5. april.

– Det siste ruteflyet til Oslo går frå Stord lufthamn klokka 14.45 i ettermiddag. Returen frå Oslo attende til Stord er kansellert.

Selskapet som driv flyplassen, Sunnhordland lufthavn AS, har sendt permitteringsvarsel til dei tilsette.

– Det er snakk om kring 20 tilsette. Dei har fått lønnsutbetaling for heile perioden, og permitteringsvarselet trer først i kraft 30. mars. Inntil vidare skal vi difor klare å skaffe folk viss det vert naudsynt å opne flyplassen for til dømes ambulansefly, fortel Myklebust til Stord24.

– Kva betyr denne situasjonen for flyplassen?

- Annonse -

– Det er Oslo-ruta vi lever av, så det er den viktigaste aktiviteten vi har. Men vi er nøgd med dei tiltaka regjeringa har sett i verk til no. At også dei private flyplassane skal få dekt tapet. Men det er klart at viss dette strekk seg over ein lengre periode, må dei innføre fleire tiltak, eller la dei tiltaka dei har innført gjelde vidare framover.

– Alle lir under dette. Vi må berre ta ein pause no, få stogga viruset og så stiller vi friske og raske på startstreken når vi får beskjed om at det er på tide å starte opp att, fortel ein optimistisk lufthamnsjef.

Det ser likevel mørkt ut for Stord Airshow som etter planen skal arrangerast 13. juni.

– Vi held på å diskutere litt fram og tilbake. Slik det ser ut no, ser det ut som at det vert kansellert, at vi skyv det fram og tek det i 2021 i staden. Det ligg nesten i korta at det vert slik, og det er ikkje lenge før vi tek den avgjersla.