- Annonse -

Laurdag kveld fekk ei kvinne frå Stord telefonen frå Norsk Tipping som dei fleste draumar om.

– Eg er heilt overvelda! Hjelpe meg. Tusen millionar takk, sa kvinna då Norsk Tipping ringte ho laurdag kveld.

Stordabuen blei lottomillionær som følgje av at Norsk Tipping tre laurdagar på rad trekkjer ut ein tilfeldig vinnar som vinn éin million kroner.

Kvinna hadde ikkje noko umiddelbar plan for korleis pengane skulle brukast, men slår fast at det heilt sikkert er nok av ting av ting å bruke dei på.

– Dette har eg draumt om lenge. Det er helt fantastisk! No skal det feirast, sier ho.

Det er berre to veker sidan ei kvinne frå Sagvåg vann 100.000 kroner.

- Annonse -

– Pengane skal brukast på ferietur i sommer, og kanskje ei ny sofa, sa kvinna som leverte kupongen berre eit kvarter før fristen gjekk ut.