Ei kvinne i 70-åra sat fastklemt i bilen etter ein frontkollisjon på E39.
Fredag ettermiddag like etter klokka 15 fekk politiet melding om ei alvorleg trafikkulukke like nord for Haukås i Sveio.
– Ulukka skjedde i 80-sona på E39. Ein bil kom i motsett køyrebane og kolliderte med ein bil som kom frå den andre vegen, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Gunnar Sande.
Han fortel at to kvinner i 70-åra var involvert i ulukka. Ei blei alvorleg skadd og ei lettare skadd. Kvinna som var alvorleg skadd kjem frå Stord, i følgje Sunnhordland.
– Det er store materielle skader. Kvinnna som framstår som alvorleg skadd har sete fastklemt i bilen, som hamna i grøfta.
Den andre kvinna som vart lettare skadd sat i den andre bilen.
Sande seier det er for tidlleg å seie noko meir om årsaka til ulukka.
– Patruljen har vore ute på skadestaden og det blir oppretta sak.