Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Kvinna må møte i Sunnhordland tingrett etter å ha henta 200 gram amfetamin på eit postkontor på Stord.

Det var i november i fjor at den 23 år gamle kvinna frå Stord henta ein forsending ved postkontoret på Heiane på Stord. Pakken besto av 200 gram amfetamin, som kvinna seinare leverte vidare til ein bekjent.

Statsadvokatane i Rogaland har no tiltalt kvinna for grov narkotikakriminalitet, med ein strafferamme på inntil 10 år.

– Brotsverket er grovt fordi det vert lagt særleg vekt på kva slags stoff det gjeld, mengden og brotsverkets karakter, skriv statsadvokaten.

- Annonse -

Saka skal opp i Sunnhordland tingrett i midten av oktober.

- Annonse -