Stord-kunstnar Per Tore Barmen imponerte på Vestlandsutstillinga i Haugesund i helga. Foto: Bitta Bøthun Bjørnsdotter
- Annonse -

Per Tore Barmen frå Stord synte fram eit innfløkt kunststykke av kirsebærtre under under Vestlandsutstillinga i Haugesund i helga.

Av: Bitta Bøthun Bjørnsdotter

Det var vel verd å ta turen til nabobyen Haugesund fredag kveld for å oververa opninga
av den årlege Vestlandsutstillinga i Haugesund Billedgalleri. Tidligare styreleiar i
Vestlandsutstillinga Joakim Lund opna for 17 utstillarar frå fire vestlandsfylker som
er plukka ut i år, der økologi og menneskelig adferd var gjennomgående tema i årets
utstilling.

Spørsmål me vart stilt på utstillinga er kvar skal me herifrå, og kva er det me etterlet oss?

Kirsebærtre

Blant 17 dyktige, juryerte utstillarar, fordelt på seks nasjonalitetar, finn ein stordabuen Per Tore Barmen.

- Annonse -
- Annonse -

Barmen sitt bidrag på utstillinga var ein nydeleg treskulptur karva ut av kirsebærtre. Det innfløkte kunststykket er laga ut av eitt endestykke, og har to intarsia av bjørk på kvar si side.

Treskulpturen til Barmen er nøysamt karva ut av kirsebærtre Foto: Bitta Bøthun Bjørnsdotter

Per Tore seier at den skulpturelle og avgrensa forma i tre er utskoren for hand av eitt
enkeltståande emne. Det er til slutt blitt ei kiste der ingen løyndom kan gøymast vekk.
At skulpturen er utarbeida i endeved gjer det heile til ei større utfordring i forhold til
materialet.

Tallause eigenskapar

Verket er bunde saman og halde oppe av røter, greiner og stammar. Barmen skriv om kunstverket på heimesida si at utgangspunktet har vore å utforske treet sine grenser, samt å utforske overgangane mellom tradisjonell treskjærarkunst og skulpturell utforming.

– Tre har tallause eigenskapar, knapt noko anna material har tilsvarande, skriv Barmen.

- Annonse -

– Eg brukar i første rekke norske tresortar når eg arbeider i tre, men utanlandske tresortar kan òg førekomma. Tre er eit svært spennande og vakkert materiale, med uante moglegheiter, strukturar, fargar og lukter, seier han.

Barmen fortel at etterkvart som ein lærer materialet å kjenna vert ein òg betre i stand til å plukka ut rett emne til eit arbeid.

– Men tre er eit levande materiale så ein kan alltid få seg overraskingar undervegs i prosessen.

– Elles arbeider eg med forskjellige media, men først og fremst med skulptur. Tradisjonelle teknikkar ligg ofte til grunn i arbeida mine, men eg er og opptatt av å utforska og bruka digitale verktøy som finst i dag.

Poetisk

Foto: Bitta Bøthun Bjørnsdotter

Det vakre trestykket blir omtala slik på Vestlandsutstillinga 2017; Per Tore Barmen skildrar på poetisk vis både det sårbare og det robuste ved naturen gjennom kyndig skulpturert tre. Sjølv om det vert kutta og forkulla, held organisk materiale på si kjensle av integritet.

Stordabuen er i lag med Siri Brekke første par ut i april-utgåva av interiørmagasinet Bo Bedre sin serie der dei presenterer norske kunsthandverkarar. Ellers på kalenderen i 2017 er både Nordische Botschaften i Berlin, Milan Design Week og Hå gamle Prestegård.

Vestlandsutstillinga som i år er 95 år representerer kunstnarar og kunstverk som er knytt til den vestlege regionen i Noreg. Likevel er bekymringane og kritikken som vert presentert i denne utstillinga meint å vere universelle.

 

- Annonse -