Forvaltningsstyret godkjente i dag søknaden til Stord kristne skule om bruksendring av skulebygget på Heiane. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter svært mange forsøk sa Stord-politikarane endeleg ja til bruksendring av skulebygget. Men framleis manglar styreleiar Geir Martin Økland ja frå høgare hald.

Nils Magne Blålid (SV) fremja eit forslag der han ville stille ei rekkje krav til opparbeiding uteområdet foor å gi godkjenning. Dette fekk han ikkje forvaltningsstyret med på, fordi ein meinte det var urimeleg å setje slike krav når det ikkje er sikkert at skulen kjem i gong.

Sjølv om skulen klarte å få i gjennom søknaden om bruksendringa av skulebygget, etter mykje turbulens undervegs, er det formelle framleis ikkje på plass for oppstart av Stord kristne skule.

Nye klageprosessar

Sidan skulen er på overtid når det gjeld løyvet som har gitt frå Utdanningsdirektoratet, må styreleiar Økland difor gjennom to ny klageprosessar, både til fylkesmannen og til departementet.

- Annonse -
- Annonse -

– Så snart dette vedtaket blir skrive ut, blir det sendt ei kopi til fylkesmannen. Då vil me be dei hastehandsame saka. Dei sendte jo eit vedtak der dei truga med å trekkje godkjenninga, og no forventar eg at dei vil treffe eit nytt vedtak der dei ikkje trekkjer søknaden.

- Annonse -

Økland seier han deretter vil sende ei anke til Utdanningsdirektoratet for å forlenga fristen om oppstart, som gjekk ut 1. oktober. Han seier dei har to veker igjen til denne ankefristen går ut.

Optimist

– Eg er framleis optimist på at dette går vegen me håpa på. Men me kan jo ikkje lenger ta noko for gitt, men det ligg absolutt til rette for at dette skal gå bra, seier styreleiaren.

Får dei ja frå Utdanningsdirektoratet, vil dei kunne starte skuledrift den første datoen i den påfølgjande månaden. Mest truleg vil det då vere snakk om 1. november eller 1. desember.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -