Kommunalsjef Lovise Vestbøstad trer ut av rolla som kommunalsjef for å jobbe operativt med planarbeidet i kommune. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Har fått utsett fristen av Fylkesmannen for skulestart, og får difor saka handsama i forvaltningsstyret neste veke.

Etter at administrasjonen i Stord kommune denne veka trekte handsaminga av skule-saka, tyda det meste på at alt håp var ute for skuledrift i år.

Men no får styreleiar Geir Martin Økland ein ny sjanse frå Stord kommune for å klargjere ein fullstendig søknad som politikarane skal handsama.

Meir tid

Fylkesmannen i Hordaland skal nemleg ha utsett fristen til skulestart, som var 1. oktober, slik at det blir tidsnok å handsame saka på møte i forvaltningsstyret 5. oktober.

– Fylkesmannen hadde utsett oppstartsfristen til den kristne skulen. Eg veit ikkje noko meir enn dette, men då tyder det på at dei har noko meir tid med saka slik at dei kan jobbe vidare med den. No blir saka sett opp på det ordinære sakskartet til forvaltningsstyret, stadfestar kommunalsjef Lovise Vestbøstad.

- Annonse -

– Kva tid må søknaden frå skulen vere klar for at dei skal rekke dette møtet?

– No er det gitt ytterlegare tid frå fylkesmannen, så me jobbar utan opphald med denne saka.

Svært overraska

Samtidig har eigedomsavdelinga i Hordaland fylkeskommune denne veka sendt eit brev til Vestbøstad, der dei reagerer på at saka blei trekt frå politisk handsaming denne veka.

– Eg har snakka med kolleger om denne saka, og dei vart svært overraska av konklusjonen eg vart meddelt no, skriv overingeniør Lyder Leithaug i Hordaland fylkeskommune i brevet.

Leithaug meiner bygget på Heiane, som fylkeskommunen eig, allereie har alle naudsynte godkjenningar for skuledrift, og kan difor ikkje forstå kvifor Stord kommune krevjer ny politisk godkjenning før Stord kristne skule kan starte opp i lokala.

– Skulen vår har alle godkjenningar for skuledrift, og saman med uteareal på nabotomta Ringvegen 26, er det ingen grunn til å nekte ein oppstart på denne staden. At ein på sikt kan sjå på drifta i samband med formål i gjeldande reguleringsplan er ei anna sak.

Leithaug seier vidare at alt det tekniske i bygget er i orden for å drive skule, og viser til god luftventilasjon og at alt på plass når det gjeld brannvarsling og branntryggleik.

– Det er soleis ingenting som hindrar eit positivt vedtak komande torsdag. (dagen saka skulle opp i forvaltningsstyret, jour.merk.) Denne saka bør ikkje stoppast på ein formalitet som ikkje har reell betydning. Etter mi meining bør ein her utvise skjønn, noko det er krav til i offentleg sakshandsaming.

Ikkje for strenge

Vestøbstad ønskjer ikkje å kommentere brevet frå Leithaug, og peiker på at det ikkje er fylkeskommunen som mynde som kjem med kritikken.

– Eg har ikkje lyst å kommentere dette, men ein må ha klart for seg rollene her. Leithaug jobbar i eigedomsavdelinga i fylkeskommunen og er ansvarleg søkjar i denne saka.

Kommunalsjefen seier ho er trygg på at Stord kommune har gjort alt rett i saka.

– Eg meiner me ikkje har vore for strenge i saka. Me står heilt trygt i avgjersla, og meiner saka har blitt handsamast slik den skal handsamast.

- Annonse -