Leiar for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, Jørund Tvedt, og kommunalsjef i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, meiner Stord kommune ikkje har erstatningsansvar i saka. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Viss det stemmer at denne familien har vore ein form for flyktningar frå systemet, så er det veldig uheldig og trist for desse gutane, seier kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt.

I oktober i fjor fekk Stord kommune tilsendt eit varsel om mogleg søksmål frå advokaten til brørne Lars-Erik og Martin-Alexander Husom.

Dei står i dag fram med historia si i Stord24, der dei fortel om ein barndom prega av grov omsorgssvikt, rusmisbruk og psykisk vald. Dei meiner barnevernet på Stord gjorde langt frå nok i løpet av dei 5-6 åra dei budde på Stord.

– I den grad me vil beklage det, så vil me beklage

Stord kommune har så langt avvist at dei har erstatningsansvar i saka. Stord24 møter kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt og leiar for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste, Jørund Tvedt. På førehand har dei lese personlege brev frå brørne, og dei har gått gjennom dokumenta i saka.

– Me opplever det som svært trist å lese det Lars-Erik og Martin-Alexander fortel om kva dei har opplevd i sin barndom, og at dei tenkjer at desse opplevingane pregar det livet dei har i dag. I den grad me kan beklage det, så vil me beklage. Det er ikkje dermed sagt at det medfører eit ansvar for Stord kommune, seier Hilt.

Lars-Erik og Martin-Alexander var i barnevernet sitt søkjelys heilt sidan 1992, då dei var  1 og 5 år gamle. Den tidlege barndomen i Kristiansand var også prega av grov omsorgssvikt. Då mora flytta med gutane til Stord i 1999 fekk ikkje barnevernet på Stord tilsendt noko bekymringsmelding.

- Annonse -
- Annonse -

– Nei. Det ser me ikkje at me har fått, seier Hilt.

Dermed tok det altså fire år før barnevernet på Stord begynte å undersøke familien.

– Barnevernet fekk første meldinga i 2003, frå skulen til Martin. Det er sånn det ser ut for oss. Barnevernet haldt då på med ei undersøkingssak knytt til Martin, medan dei var ganske raske på å gi tiltak til Lars-Erik.

– Barnevernet brydde seg om dei

Begge brørne sit i dag att med ei sterk kjensle av at barnevernet ikkje brydde seg om dei og ikkje forsto kor ille dei hadde det i heimen. Kommunalsjefen seier ho tar på alvor at dei kjenner det slik, men avviser at det var tilfelle.

– Eg opplever absolutt at tilsette i barnevernet brydde seg om dei. Dette er ikkje ei sak med få dokument, tiltak og notat sett i forhold til den korte tida dei budde her. Eg tenkjer det er eit teikn på at det var folk her som brydde seg.

– Men gjorde barnevernet nok for dei?

– Viss dei opplever at barnevernet ikkje brydde seg om dei, og om denne opplevinga gjer at traumane deiras er sterkare, så er jo det beklageleg. Men barnevernet gjorde, og følgde opp saka deira sånn som var forventa av barnevernet då, seier Hilt.

– Kva er det de då beklagar?

– Me beklagar det dei fortel at dei har opplevd og utfallet av saka. Det at barn har ein god og trygg barndom og oppvekst er viktig, og me som kommune ønskjer å kunna bidra til det. Samtidig er mange hendingar, eller opplevingar som kan bidra til ei uheldig utvikling for barn, utan at det må bety at barnevernet i etterkant kan seiast å ha, seier Hilt.

Vart sendt til narkoman far i Kristiansand

Då det var gått eitt år etter at barnevernet starta undersøkinga i 2003 budde Martin-Alexander framleis i heimen. Det enda med at han vart sendt tilbake til Kristiansand til faren, som også var rusmisbrukar, før barnevernet rakk å fatte noko vedtak i saka.

– Barnevernet var klar over at mor hadde eit rusmisbruk, og ho hadde aleineomsorga for gutane. Er det å vere aleinemor med rusproblem ein forsvarleg livssituasjon for barn?

– Det er vanskeleg å svare generelt på. Det kan vere det, og det treng ikkje vere det. Det  er ikkje dermed sagt at ein ikkje kan vere bekymra over situasjonen. Så er spørsmålet kva moglegheiter ein har til å gripe inn. Det er det som er litt av bakgrunnen for at ein må undersøkje saka. Viss ein, etter å ha undersøkt og vurdert, finn at det ikkje er forsvarleg, at omsorgssituasjonen ikkje er god nok, så kan barnevernet fremje ei sak for fylkesnemnda om tvangsflytting, eller ein kan gjere det frivillig med foreldra. Det er dei to alternativa ein har, seier Tvedt.

– Kvifor var det då i denne saka grunnlag for å seie at ho var skikka til å ta vare på Martin?

– Me var ikkje kome til det. Me haldt på med ei undersøking.

– De brukte eit år på undersøkinga utan at eit vedtak var fatta?

– Det kan du seie, det kan godt vere at barnevernet har brukt lang stund på å undersøke. Eg veit ikkje kor nært føreståande det var før det eventuelt ville bli fremja ei sak, seier kommunalsjef Hilt.

Baserer seg på frivillige tiltak

Då Martin-Alexander blei flytta til Kristiansand, var dette noko foreldra blei einige om i ei skriftleg avtale. I følgje barnevernsleiar Tvedt, hadde dei ikkje høve til å gå i mot ei slik avtale.

- Annonse -

– Barnevernstenesta er ei hjelpeteneste som i hovudsak baserer på seg på frivillig samtykke frå dei som er involvert. Det er jo forklaringa her, at arbeidet som er gjort her vart gjort i samarbeid med foreldra, der dei skreiv under ei samtykkeerklæring om flytting.

– Men dette var to foreldre som begge var rusmisbrukarar og som begge to var i barnevernet sitt søkjelys. Korleis er det då forsvarleg å godkjenne ei slik flytting?

– Me baserer oss på eit samarbeid så langt det lar seg gjere. Og foreldra er dei som har ansvaret for barna sine inntil noko anna er bestemt. Sjølv om ein ser at det er utfordringar, feil og manglar med omsorga foreldra gir, er ein likevel forplikta å få til eit samarbeid med foreldra, seier Tvedt.

– Kva gjorde barnevernet på Stord då Martin blei flytta til Kristiansand?

– Ut i frå den informasjonen me har blei det sendt melding vidare til barnevernet i Kristiansand, der ein skreiv at barnevernet på Stord haldt på med ei undersøking knytt til situasjonen Martin hadde, og meldinga frå skulen som barnevernet hadde fått låg ved, seier Hilt.

– Var den informasjonen ei tydeleg nok åtvaring til barnevernet i Kristiansand?

– Når barnevernet får ei melding så må dei undersøke den innan sju dagar. Så skal ein ta stilling til om forholdet skal undersøkast eller ikkje. Slik var det då me fekk meldingar i 2003 og 2004, og tilsvarande vil jo Kristiansand måtte ha teke stilling til bekymringsmeldinga me sendte den gongen.

Avslutta saka med ein gong

Men Tvedt er klar på at barnevernernstenesta på Stord ikkje gav uttrykk for deira vurdering knytt til Martin-Alexander sin situasjon.

– Vanlegvis får ikkje me noko informasjon om vurderingar frå andre barnevernstenester, og på same måte så gir heller ikkje me det ut til Kristiansand utan at det er grunnlag for det. Me meldte ei bekymring, og så må Kristiansand gjere ei vurdering basert på opplysningane dei har, seier Tvedt.

I følgje barnevernsdokumenta frå Kristiansand mottok dei ei bekymringsmelding frå Stord om at faren til Martin var narkoman. To dagar seinare drog dei på heimebesøk til faren. I følgje barnevernet såg alt fint ut, og far seier han ikkje har rusa seg på fire år. Saka vart lagt bort.

Men for Martin-Alexander gjekk det frå vondt til verre. Han vart overleten heilt til seg sjølv hos faren i Kristiansand, vart utsett for seksuelt overgrep av ein mann som budde i nabolaget før han fylte 13 år. Kort tid etter begynte han med barneprostitusjon, utan at faren greip inn.

– Her flyttar familien vekk frå Kristiansand i 1999 då dei var i barnevernet sitt søkjelys. Då dei flyttar tok det fire år før barnevernet på Stord begynte å undersøke. Kort tid etter vart Martin flytta tilbake til Kristiansand og det gjekk nye år utan at barnevernet gjorde noko. Her må det jo vere noko grunnleggande galt med systemet?

– Me veit at systemet er sånn. Me veit at dette skjer i saker. Det er klart at det er veldig uheldig for borna som opplever det. Viss det stemmer at denne familien har vore ein form for flyktningar frå systemet, og at systemet ikkje er koordinert nok mellom kommunar, så er det veldig uheldig og trist for desse barna. Eg ser at dette er ei utfordring, seier Hilt.

– Me ønskjer jo å hjelpe dei. Me ønskjer å bidra til at livet deira blir betre.

– Kva ville barnevernet gjort annleis dersom dette hadde skjedd i dag?

– Gangen i saka hadde vore lik, i den forstand at me hadde undersøkt meldingane. Men på dei 15 åra som har gått har fokuset på det å snakke med barn i desse sakene blitt mykje tydelegare. Det vart gjort den gongen òg, men kanskje på ein annan måte. Det har vore ei presisering både når det gjeld lovgrunnlag og kunnskap og metodar om å snakke meir med ungane det gjeld, seier Tvedt.

– Det er skjedd ganske mykje i barnevernet i løpet av desse åra. Så vil det framleis vere slik at trass i at det føreligg alvorleg informasjon, så har barnevernet eit prinsipp om at ein kvar undersøking skal vere så lite omfattande som mogleg. Ein skal prøve med milde tiltak først.

Avviser erstatningsansvar

Både barnevernet i Kristiansand og Stord har avvist at dei har erstatningsansvar overfor brørne. Lars-Erik og Martin-Alexander har førebels ikkje bestemt seg om dei vil gå vidare med eit formelt krav.

– No er situasjonen slik at me berre har fått eit varsel om at det kan kome eit erstatningskrav. Eg tenkjer at dersom det hadde vore grunnlag for eit krav, så ville me vel truleg ha fått eit no. Me har jo meldt tilbake at me, ut frå det me veit i dag, ikkje vurderer at barnevernet i Stord har gjort noko, eller latt vere å gjere noko som ville kunna medføre eit krav, men me kan ikkje sakshandsame det før me eventuelt får eit krav.

– Desse gutane veit kva dei har opplevd, og det er ikkje nokon grunn til å trekkje i tvil deira historie. Men det me må sjå på er kva informasjon me satt på, seier Hilt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -