Tarjei Aamot Haga er 5. kandidat for Arbeidarpartiet på Stord. Foto: Stord Ap
- Annonse -

Lesarbrev: Me vil arbeida for at alle som ønskjer det skal få heiltidsstilling i kommunen vår.

Av: Tarjei Aamot Haga
5. kandidat Stord Arbeidarparti

Arbeidarpartiet har alltid teke kampen for heile, faste stillingar i arbeidslivet og ei løn å leva av. Stord Arbeidarparti skal ta ansvar for at kommunen vår held fram med å arbeida for trygge og stabile arbeidsforhold. Me vil arbeida for at alle som ønskjer det skal få heiltidsstilling i kommunen vår.

Særleg vil me sjå på om ei auka grunnbemanning kan skapa eit betre arbeidsmiljø og kultur for heiltid, som igjen vil føra til reduserte utgifter til vikarar og overtid.

Det er fleire grunnar til at heiltid er viktig:

Tryggleik og stabilitet i kvardagen, i dag og i framtida: Heiltid gir økonomisk fridom, rett til bustadlån og større handlefridom i planlegging av kvardagen. Også i framtida er heiltid avgjerande for tryggleiken- det gir gode pensjonsordningar og stabilitet.

- Annonse -

Betre tenester: Særleg i helse- og omsorgsyrka er bruken av deltid utbreidd (2/3). Heiltid gir óg betre tenester til pasientar og brukarar. Mange nye og og ukjende andlet kan gjera pasientar og brukarar utrygge. Det handlar om å omgå menneske som du kjenner og som kjenner deg.

Likestilling: Kvinner jobbar i langt større grad deltid enn menn, og talet på kvinner som ønskjer å jobba meir utan å få ønskja sine innfridd, aukar.

Arbeidarpartiet vil arbeida for at Stord kommune vert ein føregangskommune når det gjeld heiltidskultur og rett til faste heile stillingar.

- Annonse -