Frå koronatestinga på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kommunalsjef Knut Gram seier at kommunen opplever smittesituasjonen utfordrande, særleg blant ungdommane i byen.

– Me vil rå til at ein i helga og ut i komande veke held seg mest mogleg heime på fritida og unngår større folkesamlingar eller å samlast i større grupper privat, opplyser kommunalsjef Knut Gram i Stord kommue laurdag, etter at ein no legg bak seg dei verste smittedagane på Stord sidan pandemien braut ut.

Berre i løpet av den siste veka har det totale smittetalet på Stord auka frå 35 til 58.

– Slik tilhøva vert vurderte no, vil dette kunna vera med å hindre ytterlegare smittespreiing og ikkje minst skjerme dei som er i risikogruppa, seier Gram.

Kommunalsjefen erkjenner at smittesituasjonen på Stord no er uoversikteleg.

– Ein opplever situasjonen som utfordrande då mange av dei smitteførande har stor kontaktflate, særleg gjeld dette ungdommane.

- Annonse -

Han minner om at institusjonane i kommunen har restriksjonar på besøk og ber om at desse vert respekterte.