Biltema-bygget på Heiane skulle etter planen ha opna i juni.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ordføraren og rådmannen på Stord reagerer sterkt på at fylkesrådmmanen vil overstyre Stord kommune i Biltema-saka.

I går skreiv Stord24 at fylkesrådmannen støttar protestane frå fylkesmannen om å stanse Biltema-etableringa på Heiane Vest.

Det er fylkespolitikarane som skal ta stilling til saka neste veke, men allereie no har ordførar Gaute Epland (Ap) og rådmann Magnus Mjør i Stord kommune sendt eit brev til fylkesrådmannen der dei kjem med skarp kritikk mot innstillinga til fylkesrådmannen.

– Ved si innstilling i saka går Fylkesrådmannen langt i å oppheve kommunalt planverk utan at me kan sjå at det er juridisk grunnlag for dette. Me meiner at Fylkeskommunen ikkje har heimel til å nekte samtykke til etablering av Biltema på Heiane Vest, og minner om at plan- og bygningslova er ei jalov, heiter det i brevet.

– Ikkje juridisk heimel

Kommunen meiner det ikkje er juridisk heimel for innstillinga på bakgrunn av at dei ikkje har blitt gjort kjent med at den regionale planen ville overstyre det kommunale sjølvstyret.

- Annonse -
- Annonse -

– Stord kommune vart ikkje gjort kjent med, under høyringa av regional plan for attraktive senter, at konsekvensane av denne regionale planen var at vårt kommunale planverk vart oppheva.

– Fylkeskommunen har ikkje heimel til å nekte denne etableringa som er heilt i tråd med gjeldande reguleringsplan. Denne planen er ikkje oppheva, og kan heller ikkje opphevast utan ein prosess i samsvar med plan- og bygningslova, skriv kommunen.

Nemner ikkje brevet til kommunen

Stord kommune reagerer også på at brevet dei sende i starten av oktober, ikkje er nemnd i innstillinga til fylkesrådmannen.

- Annonse -

– Me er kritiske til at dette ikkje er nemnt i saksutgreiinga frå fylkesrådmannen, og at det heller ikkje ligg vedlagt saka.

Det er utval for kultur, idrett og regional utvikling som først skal handsame saka i neste veke. Leiaren i utvalet, Beate Husa (Krf), stussar litt på at kommunen meiner at fylket ikkje har heimel for å stanse Biltema-etableringa.

Beate Husa (Krf) er leiar for komiteen som skal handsame Biltema-saka. Foto: Den Norske Kyrkja

– Når det gjeld heimel så er det jo slik at plan- og bygningslova gir oss lov til å fremje motsegn på bakgrunn av regionale planar. Så eg nok litt usikker på om det er riktig slik Stord kommune hevdar, om at fylkesrådmannen ikkje har heimel for dette.

Kan gå i mot

Husa vil førebels ikkje seie om ho vil støtte fylkesrådmannen si innstilling.

– No må me setje oss inn i saka, og sjå om innstillinga som fylkesrådmannen har kome med er rimeleg.

– Hender det ofte at ein går i mot fylkesrådmannen i slike saker?

– No har me ikkje hatt så mange slike type saker. Me hadde ei tilsvarande sak på Askøy, og der valte me å støtte fylkesrådmannen. Men generelt i motsegnsaker så har me i fleire høve latt vere å fremje motsegn. Dette handlar jo om politisk skjønn.

- Annonse -