Sagvåg barnehage ved Nysæter kyrkje er føreslått lagt ned av rådmannen. Foto: Stord kommune
- Annonse -

DEBATT: Me lurer på om kommunen bevisst skapar frykt og utryggheit hos tilsette, foreldre og born i Nysæter med eitt mål for auga: Å få ned utgiftene, og såleis betala minst mogleg tilskot til private barnehagar.

Av: Mona Vaage, dagleg leiar i Naustvågen barnehage
Hildegunn Grundvold, dagleg leiar i Valvatna FUS barnehage

Som daglege leiarar i private barnehagar (over mange år) ynskjer me å koma med kommentarar til politikarar og administrasjonen i Stord kommune.

Me les i lokalmedia at Stord kommune vurderer å leggja ned Sagvåg barnehage avd. Nysæter. Me har full forståing for tilsette og foreldre som er redde for kva framtida vil bringa. Me veit alle at tryggleik og gode og nære relasjonar er viktig i oppveksten. Skifte av barnehage (enda ein gong for nokon) kan by på utfordringar for mange.

Stord kommune har 4 kommunale og 13 private barnehagar. Vår oppfatning er at alle barnehagane i Stord er kvalitative gode barnehagar. For å få stadfesta dette kan ein sjå på den årlege nasjonale brukarundersøkinga som vart gjennomført i både private og kommunale barnehagar 2018. Den viser at me samla sett skårar høgare enn landsgjennomsnittet.

Dette klarar barnehagar i Stord på tross av at Stord kommune er blant dei som nyttar minst pengar på barnehagar. Når det gjeld tilskot til private barnehagar, har staten sett ein nasjonal sats pr. barn ut i frå ein gjennomsnittskostnad for drift. Kommunane kan velja å leggja eigen rekneskap til grunn for desse satsane, noko Stord kommune har valt å gjera. Bømlo kommune har t.d. nasjonale satsar, avdi dei berre har private barnehagar og ingen rekneskap å byggja satsane på.

- Annonse -

Nasjonale satsar for 2020:
0 – 2 år = kr. 231 600.- pr. barn i barnehage
3 – 6 år = kr. 111 800.- pr. barn i barnehage

Stord kommune sine satsar for 2020:
0 – 2 år = kr. 208 829.- pr. barn i barnehage
3 – 6 år = kr. 99 183.- pr. barn i barnehage

Det er ein skilnad på kr. 22 771.- pr. barn i alderen 0 – 2 år.

Og det er ein skilnad på kr. 12 617.- pr. barn i alderen 3 – 6 år. Som ei følgje av dette, kan ein sei at kvart barn i Bømlo kommune får ei støtte på kr. 22 771.- og kr. 12 617.- meir enn om barn som bur i Stord kommune.

Når kommunen vel å bruka så mykje mindre beløp enn dei nasjonale satsane, undrar me oss over kva som vert lagt til grunn for denne avgjersla. Me meinar at desse midlane kunne komme borna til gode i form av kompetanseheving hos tilsette, auka vikarbudsjett, oppgradering av leikemiljø inne og ute, vedlikehald av bygga obs. Me undrar oss også over om det hadde vore betre for borna i Stord kommune om det berre var private barnehagar, slik som på Bømlo, dermed fekk alle nasjonale satsar?

Vidare stiller me oss undrande til om kommunen verkeleg satsar på born og unge – sjølve framtida vår?

Me kan tenkja oss at avdeling Nysæter i Sagvåg barnehage er dyr å drifta grunna manglande vedlikehald og ein storleik på bygget som er lite økonomisk med tanke på antal vaksne og born/einheitar. Dersom kommunen legg ned avd. Nysæter og 5 plassar i Skogatufto vil kommunen redusera utgiftene til barnahagedrift. Rekneskapen vil såleis visa reduserte utgifter på rekneskapstala, og dermed kan kommunen utbetala mindre tilskot til private barnehagar om 2 år.

Kva hender dersom opptaket våren 2020 viser behov for nye/fleire barnehageplassar. Kan då kommunen starte opp midlertidig barnehagedrift i Sagvåg barnehage avd. Nysæter? Kan midlertidige lokale/drift haldast utanfor rekneskapen?

Det vil evt. føra til at kommunen slepp å betala tilskot til private barnehagar for desse utgiftene om 2 år. Dersom dette skjer, så lurer me på om kommunen bevisst skapar frykt og utryggheit hos tilsette, foreldre og born i Nysæter med eitt mål for auga: Å få ned utgiftene, og såleis betala minst mogleg tilskot til private barnehagar.

Me kjenner på uforutsigbarheiten kring Stord kommune sin prioritering av midlar til born og unge. Slik uforutsigbarheit gjer det vanskeleg å byggja ei langsiktig og stabil drift.

Stord kommune har som satsing å skapa ein Inkluderande barnehage, skule og SFO. For å få dette til må ein satsa, ikkje leggja ned barnehagar. Stord kommune må unngå å skapa uro, frustrasjon og sorg. Satsar ein i dag så vil ein hausta seinare. Førebygging er viktig, det veit me alle!

- Annonse -