Illustrasjonsfoto: NRK/Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein pårørande har klaga på at tilsette i Stord kommune har utført svært mange innloggingar i den elektroniske pasientjournalen til ein brukar.

Den pårørande har ved fleire høve klaga til kommunen etter å ha fått innsyn i kven som har vore inne og sett på den elektroniske pasientjournalen til brukaren.

Klagaren raeagerer mellom anna på at det har vore nær 450 påloggingar i brukaren sin pasientjournal frå kommunalt tilsette, før det i det heile teke var avklart at vedkomande skulle ha hjelp frå kommunen.

Klagaren trekkjer også fram ein skepsis mot enkeltpersonar som har vore innlogga, som ikkje burde hatt tilgang.

Sendt saka til fylkesmannen

På bakgrunn av klagane har Stord kommune på eige initiativ sendt saka over til fylkesmannnen i Hordaland for å få deira syn på saka. I tillegg har pårørande meldt saka inn til Helsetilsynet.

Kommunen sine tilsette nyttar datasystemet «Profil» for å lese elektroniske pasientjournalar. Etter samhandlingsreforma er det stilt større krav til skriftlege rapportar, der det tidlegare var vanleg med munnleg rapport.

- Annonse -

– Difor vert det langt fleire oppslag enn det var på den tida ein nytta munnleg
rapport. Me ser likevel at det er uheldig med så mange oppslag som i denne saka, der det
er dokumentert i underkant av 450 innloggingar, mobil omsorg inkludert, skriv Stord kommune i brevet til fylkesmannen.

Ikkje nøgd med svara

Kommunen skriv at noko av bakgrunnen for dei mange innloggingane er at det for den aktuelle brukaren har vore stor grad av usikkerheit kring om brukaren trong eller ønskte heimetenester.

Kommunalsjef Knut Gram og to einingsleiarar har vore i møte med pårørande, men i ein epost uttrykkjer pårørande at dei ikkje er nøgd med svara dei har fått. Dei krev ei grunngjeving for alle innloggingane.

Kommunalsjef for helsetenestene i Stord kommune, Knut Gram. Foto: Stord kommune

– Me har på bakgrunn av denne saka sett gjennom rutinane våre, og så ber me fylkesmannen vurdere om det har skjedd ei glipp. Innhaldet i saka ønskjer eg ikkje å kommentere. Men det har vore mange innloggingar, og det er difor me ønskjer å få ei vurdering, seier kommunalsjef Knut Gram.

Har stramma inn

Stord kommune har likevel teke konsekvensar av kritikken, og har no bestemt at det berre er tildelingskontoret som skal ha tilgang til pasientjournalen til nye brukarar, fram til det er avklart kva tenestar brukaren faktisk skal ha.

– Me ser at det var grunnlag for å skjerpe inn. Både i bakgrunn i denne saka og generelt fokus på tilgangsstyring. Kommunane har nok hatt ei bratt læringskurve i dette. Men eg kjenner meg tryggare på at me har eit meir tilfredsstillande system no enn for kort tid sidan.

– Har folk grunn til å bli uroa over at helseopplysningar kan kome på avveie?

– Nei, det vonar og trur eg ikkje. Det er jo slik at dei som har hatt tilgong har teieplikt. Dette handlar meir om rutinar enn at opplysningar kjem på avveie, seier Gram.

Lova krevjer god tilgangstyring

Juridisk rådgjevar i Datatilsynet, Christine Dalebø Gjerdevik, seier lova er tydeleg på at helsepersonell berre skal ha tilgang på dei opplysningane dei treng for å kunne yte helsehjelp.

– Pasientjournallova seier at den som er ansvarleg for verksemda skal sørgje for god tilgangsstyring i journalsystemet. Helsepersonell skal ha tilgang til relevante og nødvendige opplysningar, men samtidig må ein unngå at dei ikkje har tilgang på opplysningar som dei ikkje skal sjå, seier Gjerdevik.

Ho peikar på at overgangen til elektronisk pasientjournalar gir kommunane større utfordringar når det gjeld tilgangsstyring, der ein mellom anna må sikre at helsepersonell får ulike rollar ut i frå avdelinga dei jobbar på.

– Det kan vere ein stor prosess å lage dette systemet, men arbeidet er veldig viktig for å ivareta pasientane sin rett til personvern og for å sikre at helsepersonell kan overhalde teieplikta si.

Datatilsynet har ikkje inngåande kjennskap til korleis norske kommunar forvaltar fortrulege helseopplysningar, men kjenner til tilsvarande utfordringar frå sjukehusa.

– Alle oppslag i ein pasientjournal skal loggast og loggane skal kontrollerast. Det me veit frå helseføretaka er at det kan vere vanskeleg å gjere gode rutinekontrollar, mellom anna fordi det er så mange oppslag. Eg vil ikkje tru det er noko annleis i kommunane, seier Gjerdevik.

- Annonse -