Å vaske hender er det viktigaste einskildtiltaket ein kan gjere mot smitte. Aller best er det om ein vaskar hendene med ein gong ein kjem inn i huset. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
- Annonse -

For å overhalda smittevernsreglane har Stord kommune denne veka inngått avtale om smittevernkontroll med NoRuSun Skjenke- og Salskontroll.

Pressemelding frå Stord kommune.

Smittevernkontrollen vil bli utført i tillegg til vanleg alkoholkontroll ved skjenkestadane.

Serveringsstader, som restaurant, kafe, pub og utestadar kan halda ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg, jf. § 14a Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbrotet.

Kontrollørane vil sjekka at gjeldane smittevernreglar vert fulgt opp av skjenkestadene. For tida gjeld dette 1-meters regelen, handdesinfeksjon, bordservering og sitteplassar. Det vert også sjekka at skjenkestaden har hengt opp informasjon som minnar gjestene om smittevernreglane som gjeld.

Kontrollørane fyller ut eit kontrollskjema for kvar kontroll, som vert sendt til kommunen. Ser kontrollørane brot vert det skrive tilleggsrapport.

- Annonse -