No vil 57 prosent av aksjane i SKL bli kontrollert frå Haugesund. Det gjer at Geir Angeltviet (V) er uroa for arbeidsplassane på Stord.
- Annonse -

Lønsmedarbeidarane i Stord kommune har flytta frå Heiane og inn i SKL sitt hovudkontor i Leirvik sentrum, og blir samlokalisert med personalgruppa.

Rådmannen har bestemt at at lønsmedarbeidarane på tidlegare Eining for rekneskap og løn saman med personalmedarbeidarane, som i dag har kontorplass på rådhuset, flyttar inn i SKL-bygget. Samtidig blir dei organisert i ei ny eining for løn og personal.

Unntaket er rekneskapsarbeidarane, som vil flytte inn i rådhuset og bli samlokalisert med økonomigruppa.

– Bakgrunnen for denne endringa er at fagområda rekneskap og økonomi og løn og personal i større grad er overlappande, og at ein meiner at det med ei slik organisering vil liggja betre til rette for å ta ut synergieffektar, skriv rådmannen.

Kostar meir enn fem millionar

Lokalet kommunen vil leige er på 380 kvadratmeter, og ligg i fjerde etasje i SKL-bygget. Stord kommune vil betale ei husleige på rundt ein halv million kroner årleg for kontorfasilitetane.

- Annonse -

Samtidig vil kommunen gjere ei større ombygging av det tekniske bygget på Heiane, der mellom anna IT-avdelinga, Stord kommunale eigedom og Stord kommunalteknikk held til. Ombygginga vil koste 3,12 millionar kroner og bli finansiert med auka låneopptak.

Kommunikasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre, fortel at dei tilsette i kommunen allereie har flytta inn i toppetasjen i bygget.

– Dei flytta inn i førre veke, og dei er allereie i drift. Likevel har me mykje anna areal ledig, både i første og andre etasje i bygget.

Myhre fortel at dei leig ut kontorlokale med ein kvadratmeterpris på mellom 1000 og 1400 kroner per kvadratmeter, avhengig av standarden på bygget. I tillegg til leige for fellesareal. Etasjen der Stord kommune har flytta inn er fullstendig rehabilitert. Difor kan ein rekne seg fram til at kommunen må ut med over ein halv millionar kroner i året.

Kommunikasjonssjef Jan Petter Myhre i SKL. Foto: SKL

Mykje ledig plass

Sjølv om Stord kommune flyttar inn med 13 tilsette i bygget, er det framleis mykje ledig plass i det store bygget. Og meir plass skal det bli.

– Haugaland Kraft skal bygge nytt på Heiane og vil då flytte ut til hausten 2018. Det er snakk om temmeleg mange kvadratmeter som då vil stå tomt. Haugaland kraft brukar i dag rundt 25 kontorplassar, møterom, lager og garasjeanlegg. Om dette er noko som kan tilpassast ein leigetakar eller fleire må me sjå på.

– Så no er de i mindretal i eige hus?

– Jau, det er faktisk heilt korrekt observert. Me har per no ca. 30 kontorplassar som SKL brukar.

– Er det aktuelt for dykk å selje bygget?

– Me utelukkar ikkje det. I og med at me har blitt såpass mykje mindre og mindre aktivitet, så er ikkje det ein heilt framand tanke. Me har for så vidt gitt nokre signalar for å diskutere fleire modellar framover. Men det er ikkje noko konkrete planar om dette i dag.

Blir ingen regional driftssentral

Samtidig fortel Myhre at SKL lukkast å få på plass ein regional driftssentral på Stord, slik Stord24 skreiv om i vår. Det kunne ha gitt selskapet meir enn ti nye arbeidsplassar.

– Arbeidet er kome i mål, og me har diverre ikkje lukkast å kome i mål med dette. Me kom ikkje fram til semje med partnarane våre om ein større regional driftssentral. Så dette er lagt på is.

- Annonse -