Stord rådhus. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune har tidlegare gjort det svært bra i tidlegare kommunetetar gjennomført av forbrukarrådet. Men i år hamnar dei lengre ned på lista.

Det er Forbrukerrådet som har kåra alle landets kommunar i kor gode dei er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Forbrukerådet har samla inn nesten 30.000 opplysningar frå kommunane via telefon, e-post og nettsidene til kommunane.

For seks år sidan var Stord nest best i Hordaland på å informere innbyggjarane om kommunale tenester.

I årets test kjem Stord kommune mykje dårlegare ut. I Hordaland hamnar Stord på ein 12. plass, og nasjonalt kjem me på ein 170. plass av alle landets 422 kommunar.

Dette er ei kraftig forverring frå tidlegare undersøkingar. I 2013 kom Stord på 2. plass i Hordaland og 46. plass nasjonalt.

Forbrukerrådet viser til at kommunane har eit svært stort informasjonsansvar, frå alt frå legen du går til, skulane du sender ungane til, vatnet i springen og omsorgen når me vert gamle.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Sjå for deg småbarnsforeldre som skal velje barnehage til babyen dei gruar seg til å sende ut i verda. Då vil dei sjølvsagt vite mest mogleg om barnehagane. Trivst barna, blir foreldra høyrt, er det bra miljø der? Dette treng folk å vite, seier Inger Lise Blyverket i Forbrukerrådet.

Bergen kommune kjem klart best ut i Hordaland på undersøkinga. Dei blir også vurdert som den 2. beste kommunen nasjonalt.

Fitjar kommune hamnar like bak Stord, på ein 13. plass. Kvinnherad på ein 17. plass, Bømlo på 21. plass og Tysnes nesten heilt på botn på ein 31. plass.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -