Bergen kommune. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Reiserådet er oppheva som følgje av at smitterisikoen knytt til Covid-19 i Bergen er redusert, melder Stord kommune.

Stord kommune gjekk ut til befolkinga med reiseråd for Bergen 9. september. Frårådinga gjaldt både besøk og fritidsreiser, samt arbeidsoppdrag som kunne løysast på andre måtar.

Etter at Bergen kommune tysdag avvikla dei lokale koronatiltaka som dei innførte 8. september, har Stord kommune oppheva reiserådet.

Sidan måndag morgon har Bergen registrert seks nye tilfelle av koronasmitte. Ingen av desse smittetilfella har ukjend smitteveg. Sidan 28. februar har vestlandshovudstaden registrert totalt 1 428 smittetilfelle, og trenden reknast no som nedadgåande.