Rusmisbrukarar som Stord kommune gir helsehjelp til blir ikkje kartlagt godt nok. Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Helsetilsynet har avdekka manglande rutinar for kartlegging av personar med rusproblem og psykiske lidingar i Stord kommune.

Etter eit omfattande tilsyn utført i i februar har Fylkesmannen i Hordaland funne avvik på korleis Stord kommune kartlegg nye pasientar innan rus og psykiatri som dei skal gi tenester til.

Dette er funna:

  • Eining psykisk helse og rus har ikkje skriftleg rutine eller ein etablert praksis for kva opplysningar som er relevante å innhente om psykisk liding og rusmiddelproblem og korleis dei innverkar på funksjon. Det blir ikkje brukt kartleggingsverktøy, eventuelt sjekkliste eller anna felles opplegg for innhenting av nødvendige opplysningar. Det enkelte helsepersonellet vurderer sjølv kva opplysningar dei etterspør og kva dei fører i pasientjournal.

  • Ved stikkprøver i 33 pasientjournalar er det få samla opplysningar om pasientens rusmiddelproblem og psykiske liding. Diagnosar er unntaksvis registrerte. Det går ikkje klart fram av pasientjournal om brukar har tiltaksplan og eller ein aktiv individuell plan, og kva tid målsettingar og tiltak/tenester er evaluerte, eventuelt endra. Individuelle planar var ikkje tilgjengelege for verifikasjon. 
  • Det er ikkje utarbeidd og iverksett rutinar for systematisk kartlegging av psykisk liding og rusmiddelproblem og det er ikkje er ein felles praksis for kva som skal journalførast.

Fylkesmannen understreker at det ikkje er grunnlag for å seie at brukarane ikkje har fått forsvaleg helsehjelp grunna den manglande kartlegginga.

– Fleirtalet av tenestemottakarane har fått tenester i lengre tid og er kjende for tilsette. Det er ikkje usannsynleg at personalet har meir inngåande kunnskap om tenestemottakarane enn det som går fram av pasientjournalen. Tilsynet har ikkje haldepunkt for at nokon av dei ikkje får nødvendig helsehjelp, skriv fylkesmannen.

- Annonse -

Likevel peiker fylkesmannen på at den manglande kartlegginga kan medføre at relevante opplysningar ikkje er tilgjengelege for tilsette som utfører tenestene.

- Annonse -
- Annonse -

Kartlegginga av rusmisbrukarar er lovpålagt for kommunane, og må gi nødvendige opplysningar om rusproblemet til brukaren og om brukaren si psykiske liding, samt korleis problema påverkar brukaren i kvardagen.

Stord kommune har på bakgrunn av tilsynet fått frist til 1. juni å gjere greie for korleis dei vil rette opp i avviket.