- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mange på Stord har grunn til å juble i dag.

Hordaland fylkeskommune har tildelt 13,2 millionar kroner til støtte for omstilling og nyskaping i industrien i fylket.

Neten halvparten av desse pengane er tildelt industrimiljøet på Stord.

NCE Maritime CleanTech er ein av aktørane som får sin del av kaka. Fylket løyvar 490.000 kroner til klynga på Stord til eit prosjekt som skal utvikle ein forretningsmodell for å tilby rein energi til bruk i skip som skal til hamner utan landstraum, og til fjordar med krav om nullutslepp.

– Me har fått midlar til eit prosjekt som skal sjå på korleis offshoreskip kan brukast til å forsyna cruiseskip med rein energi. Slik kan cruiseindustrien møta kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026, skriv NCE Maritime CleanTech.

Dagleg leiar Hege Økland er svært glad for tildelinga.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me set stor pris på støtte til viktig grøn omstilling. Det styrker satsinga hos våre deltakarbedrifter på å få fram norske løysingar for ei grønare cruisenæring. Dette kan gi nye grøne forretningsområde for offshore-leverandørar og -reiarar, og slik bidra til å sikre arbeidsplassar og kompetanseutvikling i maritim næring, seier Økland.

Millionstøtte til kompetanseheving

Vidare får Atheno 1,5 millionar kroner til to prosjekt: «Atheno Innovasjon, – omstilling til nye meir berekraftige bransjar og produkt» og «Nettverk Synergi SMB,- utvikle og ta i bruk
nye verkty for å «kopla» bedrifter frå ulike bransjar».

Samarbeidsrådet for Sunnhordland får heile 1,4 millionar kroner i støtte til omstilling gjennom kompetanseheving i industrien i Sunnhordland, og ein ekstra fagskuleklasse etter «Stordmodellen».

Sist men ikkje minst får Leirvik AS 950.000 kroner til omstilling og digitalisering gjennom
utvikling av robotisert sveising, automatisert design og intellingente boligkvarter.

- Annonse -