Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fylkesutvalet vedtok torsdag at Kvinnherad kan få krevje inn bompenger på sambanda Skjersholmane-Ranavik og Skånevik-Utåker. Men dei må kanskje dele på gildet.

Kvinnherad kommune sitt forslag om å krevje inn bompenger til «Kvinnheradpakken» på ferjesambanda har ført til sterke protestar i Etne kommune, fordi prisen på ferjebilletten blir nesten dobla på sambandet mot Skånevik. Utan at pengane skal kome etnebuen til gode.

Også Stord kommune var i høyringsrunden negative til innføring av bompenger på ferja frå Skjersholmane.

Torsdag vedtok likevel fylkespolitikarane Kvinnheradpakken.

Men politikar Bente Bondhus (Ap) fekk fleirtal for eit oversendingsforslag der ein vil be fylkesrådmannen greie ut om Stord og Etne kommunar kan få sin del av bompengene til å bruke dei på lokale vegprosjekt.

- Annonse -

Innkrevjinga på ferjestrekninga Ranavik – Skjersholmane vil etter planen starte i 2023 og skal avsluttast rundt 2035.

- Annonse -
- Annonse -

Det vert lagt til grunn ein gjennomsnittleg inntekt per passering (gjennomsnittstakst) på 35-43 2018-kr.

Det er fylkestinget som skal fatte det endelege vedtaket i saka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -