Skisse: Stord Innkvartering
- Annonse -

– Dette er ein god og viktig kontrakt for oss, seier Endre Sørstrømmen i Stord Innkvartering.

Storutvidinga ved aluminiumsverket på Husnes kjem også næringslivet på Stord til gode. Førre veke vart det kjent at Kværner skaffa seg kontrakt på 200 millionar kroner for installasjon av nytt utstyr ved anlegget.

Stord Innkvartering er eit anna selskap som får kontrakt knytt til prosjektet.

Brakkeriggselskapet har sett opp bustadriggar på Husnes for det store talet på arbeidarar som vil delta i jobben. Leiren blir i følgje Kvinnheringen kalla «Camp Husnes», som skal huse 88 personar og nesten fungere som eit hotell.

– Dette er ein god og viktig kontrakt for oss, seier Endre Sørstrømmen i Stord Innkvartering til avisa.

Dei har inngått ein samarbeidsavtale med Oslo-selskapet 4Service, som skal levere fire måltid om dagen til dei som bur på riggen.

- Annonse -

Riggen skal vere operativ i 18 månadar medan arbeidet pågår.

Over 1000 arbeidarar kjem til å vere involvert i Hydro-utbygginga i løpet av denne perioden. Rundt 200 nye aluminiumomnar er bestilt frå Kina og vil bli installert i den nye produksjonshallen.

- Annonse -