- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord-selskapet som spesialiserer seg innan mobile hus vinn stadig fleire kontraktar innan veg og anlegg.

Dei to ferske kontraktane har samla verdiar på 16 millionar kroner, og er ei vidare stadfesting på at selskapet er svært konkurransedyktige i denne marknaden.

Kontraktane går på leveranse av byggherrerigg ved utbygginga av E6 i Soknedal sør for Trondheim, og ved fastlandssamband i Haram kommune. Statens vegvesen skriv at Stord Innkvartering vann den første kontrakten framføre fire andre aktørar, der pris var den avgjerande faktoren.

– Det er kjekt å vinne slike offentlege kontraktar. Dette er ein marknad som me likar å vere med å by på. Vegvesenet er ein kunde me satsar litt på, fortel dagleg leiar Endre Sørstrømmen i Stord Innkvartering.

Kontrakt til 150 millionar

Dei ferske kontraktane er likevel relativt små i høve til andre vegprosjekt selskapet er involvert i. Sidan hausten 2015 har dei levert kontrakt på rigg til bygginga av Follobanen på Austlandet, mellom anna levering av ei kantine. Kontrakten er aleine verdt nærmare 150 millionar kroner.

Endre Sørstrømmen, dagleg leiar i Stord Innkvartering, Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er den største enkeltkontrakten me har hatt, seier Sørstrømmen.

Brakkeselskapet har også gåande ein kontrakt i samband med bygging av den nye motorvegen frå Os til Rådal. Denne kontrakten er på 35 millionar kroner og vil vare heile anleggsperioden, som er rekna til å ta fem år.

- Annonse -

– Kva gjer at de vinn desse kontraktane?

– Me er ein litan dynamisk organisasjon med gode lokale leverandørar på elektro og rør. Difor er me veldig konkurransedyktige.

Oljebransjen tilbake for fullt

Det er ikkje berre til veg- og anleggsbransjen selskapet er involverte i. Lokalt merkar dei også ringverknader frå at industrien i regionen er i ferd med å ta seg opp att. Selskapet skal levere modular til Aibel i Haugesund i samband med Johan Sverdrup-prosjektet, og er også i ferd med å rigge til modular for personellet som skal arbeide med Hywind-prosjektet på Eldøyane. Her skal dei utvide komplekset som allereie står på Eldøyane.

– No byrjar olje- og gassmarknaden verkeleg å vakne til live igjen. Også innan vasskraft og vindkraft har me oppdrag, seier Sørstrømmen, som tok over som dagleg leiar etter gründer Leif Trygve Nilsen i 2015.

Stord Innkvartering hadde i 2015 driftsinntekter på 75 millionar kroner, og enda opp med eit resultat før skatt på 12,1 millionar. Selskapet er ikkje registrert med meir enn sju tilsette, men nyttar mange lokale verksemder som underleverandørar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -