John Helland, leiar i Solid si symjegruppe og Vanja Storetvedt, leiar for Stord symjegruppe. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Symjegruppene på Stord fryktar store kapasitetsproblem dersom bassenga i kulturhuset og Nysæter skal rivast.

Tidlegare denne veka blei det kjent at Stord kommune skal vurdere å rive symjehallen i kulturhuset grunna eit omfattande behov for rehabilitering. Det same gjeld symjehallen knytt til nye Nysæter ungdomskule, som ifølgje arkitektane er i langt dårlegare stand enn kva dei såg for seg.

Skulle kommunen gå inn for å rive begge symjehallane, risikerer symjegruppene i Stord IL og IL Solid å stå utan lokale symjehallar i påvente av noko nytt.

– Me er positive til eit nytt basseng, for det er jo det me vil. Å lappe på noko gammalt er til sjuande og sist ikkje lønnsamt. Samtidig er me uroa for kva som vil skje i perioden fram mot dette, seier Vanja Storetvedt, som er leiar for Stord symjegruppe.

– Den største bekymringa er at me skal kome i ein situasjon der begge bassenga blir stengt, seier Solid sin leiar John Helland. – Då vil me få eit problem. Det er jo kontinuiteten me lever av.

Sprengt kapasitet

Dei siste åra har Solid symjegruppe auka medlemsmassane sine med rundt 20 personar kvart halvår. No er dei totalt 161 medlem, der 84 av dei primært nyttar symjehallen på Nysæter. Stord på si side har ei venteliste på over 40 personar som ønskjer å gå på vasstilvenning for dei minste.

- Annonse -
- Annonse -

Det er med andre ord ingen tvil om at dei to gruppene har fylt opp kapasiteten sin.

– Me har ikkje nok treningstid i kulturhuset til å dekke dei behova som er. Viss me skal ha eit fullverdig tilbod, treng me meir treningskapasitet og tid i kjernetida. Kulturhuset er i bruk nesten døgnet rundt, og det er Nysæter også, opplyser Helland.

- Annonse -
Symjehallen i kulturhuset kan bli historie, grunna omfattande rehabiliteringsbehov. Foto: Stord kommune

Avhengige av tilgang

– Me vil alltid ha tilgang på utøvarar, men det apparatet som me no har bygd opp med kompetanse og trenarkapasitet, det er me veldig bekymra for. Mange av utøvarane me har er på eit ganske høgt nivå. Det krev ein del trening, og då må du ha tilgang til dei rette fasilitetane.

– Det er ikkje berre symjegruppene som leiger tid i bassenget, men også Stord Master, undervassklubben, offentleg bading og velferdsklubbar. Kommunen må sjå på totaltilbodet, seier Helland.

Vil delta i prosessen

Ifølgje rådmannen er det sett ned ei prosjektgruppe som skal ta stilling til om dei kommunale bassenga bør samlast i eitt bygg. Dersom dette trer i kraft vil dei tre symjehallane som er på Stord i dag, inkludert Rehab-senteret, bli lagt ned.

– Me har tru på at kommunen vil finne den beste løysinga. Men me vil gjerne vere med i prosessen, og håpar me blir invitert til å delta i ein tidleg fase, påpeikar Storetvedt.

– Kva er den beste løysinga, då?

– Det kan me nok ikkje svare på. Her må kommunen finne ut kva som er best, meiner Helland.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -