Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad (H). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Høgre har som det tredje partiet på Stord gitt utrykk for kva standpunkt dei har i ferjestø-debatten.

Tidlegare er det kjend at Stord SV går i mot bygging av nytt ferjestø på Stord. Det same standpunktet har Stord FrP gitt uttrykk for ved fleire høve tidlegare. I går publiserte FrP-laga i Sunnhordland ei felles uttale der dei går i mot nye ferjestø.

No har også Stord Høgre kasta seg på ballen, men med motsett forteikn enn dei andre partia. I dagens Sunnhordland går gruppeleiar Sverre Olav Svarstad og lokallagsleiar Øyvind Kyvik ut og varslar at dei er for bygging av nytt ferjestø.

– Stord Høgre er klare på at Stord som regionsenter har eit ansvar overfor Kvinnherad for å få til ein mest mogleg effektiv reiseavstand mellom kommunane, seier Svarstad til avisa.

– Me ser at eit nytt ferjestø er høgst sannsynleg naudsynt.

Høgre-politikarane seier dei likevel ikkje har konkludert når det gjeld kva alternativ dei synest er det beste.

- Annonse -

I eit romjulsintervju med Stord24 gjorde med stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) kom det fram at også ho støtta byggning av nytt ferjestø på Stord.

– Me bør bygge nytt. Me bør bygge det som gis oss kortast reisetid mellom dei to kommunane. Det er ingen av dei eksisterande ferjeleia som vil tilfredsstille eit sånt krav, sa Eskeland.

Så vidt Stord24 bekjent har ingen andre parti varsla synspunkt i ferjestøsaka. Ap skal ikkje ha konkludert, sjølv om ordførar Gaute Epland har uttrykt seg positivt om nytt ferjestø.

- Annonse -