Foto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Regjeringa beslutta denne veka å oppheve drosjeregulativet og tildele delingstenester som Uber. Men berre i byar over 20.000 innbyggjarar.

Uber har fått enorm suksess som eit billig alternativ til taxiar over store deler av verda dei siste åra. Lenge har dei forsøkt å få fotfeste også i Norge, men grunna stor motstand frå taxinæringa og fagrørsla har dei blitt avvist.

Denne veka kom nyheita om at regjeringa snur, og opphever drosjeregulativet. Det gjer at tenster som Uber kan etablere seg i Norge.

– Me ønskjer større konkurranse for å gi passasjerar eit fleksibelt drosjetilbod. Uber og andre nye drosjeselskap er hjartelig velkommen tilbake til Norge, så lenge dei følgjer norske lovar og regler, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Men ikkje for alle.

- Annonse -

Regelendringane gjeld nemleg berre byar over 20.000 innbyggjarar. Stord, med sine ca. 18.700 innbyggjarar manglar dermed 1300 personar for å kunna nytta seg av Uber.

- Annonse -
- Annonse -

På stadar under 20.000 innbyggjarar vil fylkeskommunenen kunne innføre einerett, for å sikre at befolkinga har eit godt taxitilbod.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -