Frp er i vinden, også på Stord. Her frå valkampen i 2017, til høgre lokallagsleiar Linda Gruntvig. Foto: Stord Frp
- Annonse -

Listhaug-saka har gitt Framstespartiet eit historisk byks på dei nasjonale meiningsmålingane og ein kraftig medlemsvekst både nasjonalt og på Stord.

Berre i løpet av døgeret etter at Sylvi Listhaug trekte seg som justisminister, fekk Stord Framstegsparti åtte nye medlemmer. I tillegg fekk dei fleire nye medlemmer i løpet av vekene Listhaug-bråket prega mediebiletet.

Og meir skal det bli, i følgje lokallagsleiar i Stord Frp, Linda Gruntvig.

– Sidan februar har medlemstalet auka betydeleg. Så no følgjer me spent med dei neste dagane då me har fått signal om at fleire vil melde seg inn. Dette er gledeleg for oss i Stord Frp, seier Gruntvig.

Nasjonalt har Framstegspartiet fått heile 1500 medlemmer den siste veka

Nøgd med handteringa

Også KrF har opplevd ein forsiktig medlemsvekst lokalt i samband med Listhaug-saka, der partileiar Knut Arild Hariede har markert seg.

- Annonse -
- Annonse -

– Fylkeskontoret har fått to innmeldingar frå Sunnhordland og ein del fleire frå andre stadar i fylket. I tillegg kjem det som er sendt inn som epost til landskontor og fylkeskontor. Desse tar litt tid å gå gjennom. Etter påske vil vi ha betre oversikt over kor mange nye medlemmer me har fått som følge av desse konkrete hendingane, opplyser Torbjørn Brosvik i Stord KrF.

- Annonse -

Brosvik legg til at han er svært nøgd me korleis KrF-leiar Knut Arild Hareide har løyst Listhaug-saka.

– I KrF er me veldig nøgde med korleis partileiaren vår har fronta denne krevjande saka. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå folk, både i andre parti og andre som ikkje har noko partitilhøyre i dag.

Vekst også i Ap

Stord Arbeiderparti opplyser at dei fått 11 nye medlemmer så langt i 2018, men lokallagsleiar Katrin Innvær Ankervold har ikkje oversikt over kor mange av desse som har meldt seg inn i løpet av dei siste vekene.

– Eg tenkjer dette er naturlege variasjonar. Me gjer vel ein grei jobb på Stord for medlemmene våre, så det kan nok ha litt å seie. Me er opptekne av å lytte til folk der ute for å sjå kva som rører seg, seier Ankervold.

- Annonse -