- Annonse -

DEBATT: Me synest ikkje det er på sin plass å drive politisk reklame og slå politisk mynt på kvinnedagen med å kritisere kvinneandelen vår, skriv Djuvsland og Grudntvig i Stord Frp.

Av: Marte-Cecilia Tveita Djuvsland, 2. kandidat for Stord Frp
og Linda Grundtvig, 4. kandidat for Stord Frp

Me las i Sunnhordland at kvinnene i Stord Arbeidarparti direkte rettar kritikk mot oss med tanke på andelen kvinner som stiller til val på våre lister.

Me synest ikkje det er på sin plass å drive politisk reklame og slå politisk mynt på kvinnedagen med å kritisere kvinneandelen vår, og kritisere regjeringa sin politikk for å få fleire inn i arbeidslivet. Me som alle andre lokalparti kjempar for å auke antallet kvinner, men det viser seg at det ikkje er så lett. Frp sentralt har eit kvinne-nettverk med føremål om å involvere endå fleire i politikken.

Stord Frp er sjølv i ferd med å starte sitt eige kvinne-nettverk, der føremålet skal vere at våre medlemmer skal motiverast til å bidra, både med innspel til ulike saker og til politisk innsats.

I løpet av denne perioden er Stord Frp det einaste partiet som har stilt i kommunestyret med eit reint kvinnelag. Det er våre veljarar som kan kumulere kvinnene lengre opp på lista. I og med at vårt parti berre har to førehandskumulerte, er det mogleg for innbyggjarane i Stord, å vere med på å avgjere kven som kjem seg opp på lista. Om ein ser til for eksempel Stord Arbeidarparti som har førehandskumulert seks personar på lista, vil det syna seg vanskeleg for veljarane å kumulere opp dei ein ynskjer seg høgare opp på lista.

- Annonse -
- Annonse -

Kvinnekampen er viktig, historisk sett har ikkje kvinner hatt like rettar eller moglegheiter,
men me har kome ganske langt i dag. Frp ser like mykje på like rettar og like moglegheiter, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering og alder.

Me vil og nemne at me i dagens regjering har fire sterke kvinnelege partileiarar, damer som er eit førebilete til mange kvinner som vil bidra meir til politikken. Dei er i dag statsminister, finansminister, landbruks- og matminister og kultur- og likestillingsminister. 4 av 4 partileiarar er altså kvinner. I partia utanfor regjering er det for tida 1 av 5 kvinnelge partileiarar. Kanskje resultata hadde vore betre for Ap om dei og hadde kvinneleg partileiar?

- Annonse -

Me har som lokalpolitisk lag kvinneleg leiar, og fire representantar i kommunestyret med lik kjønnsfordeling. Pilskog og Vassnes rettar så kritikk mot den blåblå regjeringa, med at me har «leikt» oss med arbeidsmiljølova. No er det slik at denne lova vart endra fordi at det skulle bli lettare for dei som ikkje hadde jobb å få arbeidstrening, og dermed kunne stille sterkare for å få fast jobb.

Dette kombinert med begrensningar når det gjeld karantene, kvote og arbeidstid for å hindre misbruk. Regjeringa leiker ikkje med lovene.

Ny lov som denne regjeringa har kome med er at dei deltidstilsette skal ha fortrinnsrett til å utvida si stilling når det utlysast nye stillingar, framfor at arbeidsgivaren gjer nytilsetjingar. I tillegg så har andelen av kvinnelege deltidstilsette gått ned frå 40% til 36% sidan denne regjeringa overtok, noko som peikar i riktig retning. Me må og hugse på at størsteparten av deltida faktisk er frivillig deltid.

Våre kvinnelege listekandidatar er engasjerte, ambisiøse og vil lytte til og gjera det beste for våre innbyggjarar i Stord kommune, uavhengig av om dei er kvinne eller mann, ung eller gamal. Helse, Skule, eldreomsorg og integrering der jenter og kvinner skal ha rett til å
bestemme over eige liv er viktige saker for oss. 

Me ynskjer fleire kvinner velkommen til oss!

- Annonse -