Foto: Stord lufthamn
- Annonse -

Over heile Norge har tidlegare varmerekordar for juli stått for fall, med temperaturar over 30 gradar mange stadar. Stord er inga unntak.

Synest du det var ubehageleg varmt laurdagen som var?

Det er ikkje rart, for denne dagen vart temperaturen ved Stord lufthamn Sørstokken målt til heile 30,2 gradar.

Så varmt har det aldri vore på Stord sidan målingane starta i 2004. Førre rekord var på 28,3 gradar, og blei målt 3. juni i 2008.

Til saman er det blitt satt 36 varmerekordar rundt om i landet i juni.

– Dette er sjeldan kost. Det er ikkje ofte at så mange målestasjonar set rekordar for høgste temperatur i same månad. Det viser kor ekstremt varmt det var i deler av juni, seier klimaforslar Hans Olav Hygen ved meteorologisk institutt i ei melding.

- Annonse -

I løpet av månaden har det vore 11 såkalla tropedagar, der temperaturen har overstige 30 gradar.

Juni 2020 ser så langt ut til å bli den varmaste som nokon gong er målt i Norge.