Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) har fått med seg den betente Biltema-saka på Stord. Foto: Frp
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Regjeringa deler ut 2,5 millionar kroner til Stord kommune som ein kompensjon for at me står ufrivillig aleine i kommunereformen.

– Det skjer endringar i alle regionar bortsett frå Sunnhordland. Saman me Venstre har me vore opptekne av å ikkje la dei positive kommunane til kommunereformen ikkje kome dårlegare ut av nytt inntektssystem fordi naboen har sagt nei, seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad i ei pressmelding.

Stord får mest

Av kommunane i Hordaland er det Stord kommune som får mest i kompensasjon for å ha stått aleine. På landsbasis er det berre éin kommune som får meir enn Stord kommune, Time kommune i Rogaland.

– Desse kommunane som eg har kalla «ungkarskommunane» har me sett av ein pott til i statsbudsjettet som no er fordelt. Av denne potten får Stord 2,5 millionar kroner. Dette er ein sum Stord får årleg.

Senterpartiet er naturleg nok kritisk til at kommunane som står frivillig aleine blir straffa økonomisk, slik som Fitjar.

- Annonse -

– Eg synest ikkje me skal gi nokre innbyggjarar dårlegare tenester fordi kommunen har valt å organisere seg på ein måte som ikkje tilfredsstiller regjeringa. Her straffast innbyggjarane, seier politisk rådgiver for stortingsgruppa til Sp, Aleksander Øren Heen til NRK Hordaland.

Jeg synes ikke vil skal gi noen innbyggere dårlige tjenester, fordi kommunen har valt å organisere seg på en måte som ikke tilfredsstiller regjeringen. Her straffes innbyggerne.

Hordaland går frå 33 til 25 kommunar etter kommunereformen, og på landsbasis går ein frå 428 til 354 kommunar. Sunnhordland er ein av få regionar som står utan kommunesamanslåing.

- Annonse -