Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Personar i sjukeheim står aller først i køen når Stord kommune over nyttår tek imot dei første dosane.

Tysdag informerte Stord kommune at dei truleg vil motta vaksinar mot Covid-19 frå januar 2021. Vaksinasjonen er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet og det er kommunane som skal administrere desse til innbyggjarane sine.

– Det vil i starten ikkje vere nok vaksine til alle som er tilrådd å ta denne. Stord kommune vil følgje råd frå Folkehelseinstituttet i prioritering av grupper, skriv kommunen.

Forutan personar i sjukeheim er personar i omsorgsbustader og eldre over 85 år høgast på prioriteringslista.

Reknar med vekentlege leveransar

Vesle julaftan er det klart at dei første dosane med koronavaksine vil vere kommunen i hende på nyåret. Det vil i første omgang vere tale om 45 dosar.

– Dette gjer kommunen seg klar til å ta imot og dato for levering vert avklara seinare. Dei (vaksinane, journ.mrk.) vil deretter bli fordelte etter retningslinjene for prioritering. I dette tilfellet vert det såleis personar i sjukeheim som får tilbodet, melder kommunen.

- Annonse -

Vaksinen vil vere gratis og kvar person treng to dosar med minst tre vekers mellomrom. Ifølgje kommunen er det venta at dei får nye leveransar kvar veke etter første levering, slik at fleire og stadig yngre får tilbod etter kvart.

Treng ikkje henvisning

Kommunen opplyser om at det på eit seinare tidspunkt vil bli informert om kva grupper som er tilrådd vaksinasjon vidare, og rekkefølgja mellom desse på vaksinasjonsdagar.

– Det er ikkje naudsynt å kontakte kommunen eller fastlege for å bli sett på venteliste.

Samtidig informerer kommunen om at det etter kvart vil kome meir informasjon om dei einskilde vaksinane. Dette for at innbyggjarane skal kunne gjere seg opp ei mening om dei vil ta imot tilbodet eller ikkje. Vaksinasjon er frivillig.

- Annonse -
Forrige artikkelTo nye smitta i Fitjar
Neste artikkelKjem du til å ta koronavaksinen? Me spurte folk på Vikjo.
Journalist – cassandra@stord24.no