Bibliotektilbodet på Stord er rangert dårleg, men elles gjer Stord det ganske bra på kulturindeksen for 2017. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jamt over gjer Stord det ganske bra på Norsk kulturindeks si rangering over kulturlivet i norske kommunar.

Stord er rangert som den 108. beste kulturkommunen blant landets 422 kommunar, i følgje Norsk kulturindeks, laga av Telemarksforsking.

Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, basert på ulike offentlege data frå 2017. Det vert gitt score i 11 ulike kategoriar, som kino, frivilligheit, kulturskule, konsertar og museum.

God kino på Stord

For Stord sin del er det kinotilbodet som kjem klart best ut. Kinotilbodet på Stord er rangert på plass nummer 60 i landet, basert på talet på framsyningar og kinobesøk.

Stord for også skryt når det gjeld talet på kunstnarar. Her hamnar me på 79. plass blant dei norske kommunane.

Få utlån

Når det gjeld dei andre kategoriane ligg Stord meir eller mindre midt på treet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Men eitt område skiller seg kraftig ut. Nemleg bibliotektilbodet. Her hamnar Stord heilt nede på 364. plass, altså rangert blant dei aller dårlegaste i landet.

Grunnen til at bibliotektilbodet er vurdert å vere så dårleg på Stord er på bakgrunn av få utlån og besøk per innbyggjar, dårleg finansiering frå kommunen og få aktive vaksne lånarar.

Bra bibliotektilbod i Fitjar

I Fitjar er situasjonen motsett. Her kjem biblioteket aller best ut blant kultursatsinga til kommunen, og vert rangert som nummer 99 i landet.

Kulturskulen er også god i Fitjar. Men elles står det dårleg til i Fitjar. Kommunen hamnar heilt nede på 345. plass på den samla kulturindeks-rangeringa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -