Den kongolesiske legen Denis Mukwege og IS-overlevar Nadia Murad får årets fredspris for arbeidet mot seksuell vald.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vil heidre fredsprisvinnarane og setje fokus på seksuell vald ved å arrangere fakkeltog på Stord.

Nobels fredspris for 2018 går i år til den kongolesiske legen Denis Mukwege og IS-overlevar Nadia Murad. Dei delar prisen for deira kamp mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.

Norsk Folkehjelp Sunnhordland, 8. mars-initiativet på Stord og nestleiar i Hordaland SV, Akhtar Chaudhry, har teke initiav til å heidre fredsprisvinnarane gjennom eit fakkeltog på Stord.

Akhtar Chaudhry. Foto: privat

– Oss bekjent er Stord den einaste byen i landet utanom Oslo som har fakkeltog rundt fredsprisvinnarane. Det skal me vere stolte over. Vårt fakkeltog blei faktisk annonsert før Oslo sitt, seier Chaudhry.

– Me håper at dette blir ein tradisjon på Stord.

Set fokus på grusamme overgrep

Arrangementet vil gå føre seg 10. desember frå klokka 18. Her vil det bli halde appellar av Else Fredriksen frå Norsk Folkehjelp, Martin Hådem frå Bømlo Folkehøgskule og Akhtar Chaudhry.

- Annonse -
- Annonse -

– Me er så heldige at fleire hundre menneske har vist sin interesse rundt arrangementet, og så får me sjå kor mange som kjem. Me blir uansett glade for at fakkeltoget vert gjennomført.

– Kvifor er det viktig å setje fokus på seksuell vald på Stord?

– Desse overgrepa vert av Denis Mukwege kalla for seksuell tortur. Det er veldig treffande. Han fortel korleis desse jentene blir totalt fysisk øydelagt. Det vert nytta stokker, flasker, geværkolbar og andre gjenstandar for å torturere jentene i underlivet.

– Dei blir øydelgt fysisk og mentalt. Lokalsamfunna går i oppløysing og familiane går i oppløysing. Dette er eit gjennomtenkt våpen som vert nytta mot kvinner.

Chaudhry fortel at det ikkje berre er i afrikanske land at desse grusomme handlingane vert nytta i krigføring. Ein skal ikkje lenger tilbake til 1990-talet i Balkan-krigen.

- Annonse -

– Det er mange tusen som er blitt utsett for denne torturen. Det har vore gjort i Europa i krigen på Balkan, og ikkje minst i Afrika. Me ønskjer å gi ei røyst til ofra og ikkje minst sørgje for at dei får den hjelpa dei treng.

Får brei støtte

Fleire har gitt ei helsing til arrangementet. Mellom anna frå leiaren i Plan Norge, og frå dei to som nominerte desse kandidatane. Audun Lysbakken og Karin Andersen i SV.

Men det er ikkje berre venstresida i politikken som engasjerer seg i saka. Ordførarkandidat for Høgre på Stord, Øyvind Kyvik, har også tilslutta seg arrangementet.

– Vald mot kvinner må bekjempast og er eit stort globalt problem! Me vil takke initiativtakarane bak denne viktige markeringa. Stord Høgre støttar arrangementet og ser fram til å feire nobelprisvinnarane og håper heile Stord vil ta del i markeringa og fakkeltoget på mandag, skriv Kyvik på Facebook.

Generalsekretæren i Plan Norge, Kari Partapuoli, sender helsing til Stord i samband med fredstoget:

Plan International Norge ønsker lykke til med fakkeltoget! Takk for at dere er med på å sette søkelys på seksuell vold mot jenter og kvinner som våpen i krig.

Posted by Kari Helene Partapuoli on Monday, 19 November 2018

- Annonse -