Knut Olav Skaar er dagleg leiar i Stord Anlegg, og er no blitt eigedomsinvestor i Tømmervika. Foto: Stord Anlegg/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dagleg leiar i Stord Anlegg, Knut Olav Skaar, har sikra seg halvparten av Tømmervika-eigedomen, der Unitech-gründer Bernt Hellesøe eig den andre halvpart.

Måndag kom store nyhende for industriutviklinga på Stord. Unitech melde at dei planlegg å bygge ein ny base for samanstilling av havvindmøller i Tømmervika på Stord.

Satsinga kan gi store ringverknader, og kan saman med Kværner føre til at Stord får ein posisjon som «havvind-hovudstad» på vestlandskysten.

Fredag skriv Sunnhordland at Stord-entreprenør Knut Olav Skaar, som er dagleg leiar i Stord Anlegg, har sikra seg ein gullkanta kontrakt med Unitech om eigarskap av tomta i Tømmervika. Eigedomskjøpet er gjort gjennom selskapet Timberbay AS.

Samarbeid gjennom fleire år

Skaar opplyser tl Stord24 at han lenge har hatt eit samarbeidd med Unitech-gründer Bernt Hellesøe.

– Eg har hatt eit samarbeid med Hellesøe i fleire år, og Stord Anlegg har utført ein god del arbeid for dei. Då dei ville utvikle dette næringsområde så var me veldig interesserte i å vere med på det.

- Annonse -
- Annonse -

Offisielt er det framleis dei førre eigarane, Wilhelm Engelsen og Øyvind Jørgensen, som står som eigar av Timberbay, men Skaar opplyser at det no er han og Hellesøe som har teke over. Dei to står oppført som høvesvis dagleg leiar og styreleiar for selskapet.

Endeleg avtale i boks før jul

Den endelege kontrakten for overtaking av eigedomen blei gjort rundt juletider.

– Timberbay AS hadde ein opsjonsavtale med grunneigar Tom Magne Stangeland. Då løyste me inn denne til 14,5 millionar kroner, opplyser Skaar.

Han understreket at selskapet Timberbay AS ikkje har noko å gjere med Stord Anlegg, men at eigarskapet kjem til å sikre mykje jobb for selskapet.

– Dette kan bringe inn mykje arbeid for Stord Anlegg. Det er det som er hovudsaka. Det kan bli stor aktivitet for Stord Anlegg i tida som kjem.

- Annonse -

– Med dei spenstige planane kan det bli ein lukrativ kontrakt for deg som investor også? 

– Jau, det kan bli bra der. Det er spennande planar på gong.

– Det skal me oppdatere. Eg visste ikkje om det.

Øyvind Jørgensen. Foto: Ing. Jørgensen

Lang prosess

Tidlegare hovudeigar av Timberbay, Øyvind Jørgensen, seier det har vore ein lang prosess å overføre eigedomen.

– Me hadde tidlegare avtalar med grunneigaren. Men me må prioritere det me gjer. Dette er ikkje gjort i ei handvending. Viss dei klarar å få til noko her er det heilt topp.

– Kva kan du seie om salssummen?

– Nei, den har me ikkje nokon kommentar til.

Jørgensen og Engelsen står framleis registrert som eigarar av Timberbay AS, men dette er ein feil i følgje Jørgensen.

– Står det det framleis? Det må me få ordna opp i, seier han.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -