Politikarane Geir Angeltveit og Sverre Olav Svarstad var i dag på Heiane for å gratulere dei tilsette i NCE-klynga. Foto: privat
- Annonse -

NCE Maritime CleanTech er blitt tildelt eit såkalla katapultsenter, som vil omfatte testsentra på Stord, Rubbestadneset, Karmøy, Utsira og i operative fartøy.

Bakgrunnen for katapultordninga er at norske industribedrifter opplever eit aukande behov for innovasjon og utvikling av nye produkt og løysingar. Mange bedrifter treng å teste og simulere undervegs i prosessen for å vere konkurransedyktige.

På bakgrunn av dette vart det i årets statsbudsjett løyva 125 millionar kroner for nasjonale ordningar med «katapultsentre». Av 15 søkjarar er altså Stord peika ut som eitt av tre nye senter.

– Verkeleg fortent

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland er godt nøgd med at NCE Maritime CleanTech har fått tildelt eit katapultsenter.

– Eg vil gratulere Maritime CleanTech, det er verkeleg fortent i forhold til den jobben dei gjer inn mot det grøne skifte innan skip og maritim industri – dette er nok ei fjør i hatten for det innovative og framoverlente miljøet dei frontar med heile den maritime klynga, seier Eskeland.

Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, i midten med blomar under tildelinga av katapultstatus.

Testsenteret på Stord får det offisielle namnet Sustainable Marine Innovation Arena (SMIA), og skal teste nye, bærekraftige løysingar innan flere bransjar, blant annet havbruk og transportsektoren. Dei tar utgangspunkt i «det grøne skiftet», eit område der klynga allereie har etablert betydelig kompetanse.

- Annonse -

– At klynga på Stord no er ein av dei som får tildelt ein slik status viser den kapasitet dei har for gjennomføring av teknologiskifter som dei har gjort seg til talsmenn for på vegne av alle dei innovative og omstillingsdyktige bedrifter som er med i klynga.

– Set Stord på kartet

Gruppeleiar i Stord Høgre, Sverre Olav Svarstad, trur dette vil bety mykje for Stord-samfunnet.

– Det er godt nytt for verksemda, Stord, Sunnhordland og langt vidare enn det. Det er flott at Stord og Sunnhordland nok ein gong vert sett på kartet og syner breidde innafor maritimt kompetansemiljø.

Dei andre to sentra som får katapultstatus i denne runden er ÅKP Blue Innovation Arena AS i Ålesund og Bergen Teknologioverføring (BTO) i Bergen.

- Annonse -