Sverre Olav Svarstad i Høgre. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sverre Olav Svarstad i Høgre er bekymra for den auka skattebyrden koalisjonen legg opp til i neste års budsjett. 

– Slik budsjettet legg opp til skal kommunale avgifter aukast i 1600 kroner i snitt per bustad. Er det slik me vil at Stord som regionsenter skal opplevast?

Gruppelearen i Høgre innleia budsjettdebatten torsdag med å utrykkje sterk skepsis til koalisjonen sitt ønske om å auke eigedomsskatten på ein halv prosent.

– Me må bremse opp

Dette kjem i tillegg til ei auke i dei i kommunale avgifter.

Frå nyttår er nemleg det lagt opp auke i årsgebyr for vassforsyning med 11,5 prosent, og årsgebyret for avløp er føreslått auka med 5 prosent.

– Me er klare på at dette ikkje er ønskjeleg og at me må bremse opp, seier Svarstad.

- Annonse -
- Annonse -

– Det me er mest uroa over er framlegget om auke i eigedomsskatten og utviklinga der meir og meir av skatten går til drift.

Skulda på regjeringa

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) svarte Svarstad med at auka i eigedomsskatten var eit naudsynt resultat av regjeringa si politikk, og viste mellom anna til lærarnormen, som gjer at Stord tapar fleire millionar.

- Annonse -

– Me er nødt å finansiere dette med eigedomsskatt då regjeringa innfører reformar som me ikkje blir kompensert for, sa Bjelland.

Som Stord24 skreiv tidlegare i dag ønskjer Høgre og Frp å dekkje inn underskotet med omfattande effektivisering i kommuneadministrasjonen. Partia ville slik spare 1 %, tilsvarande 14 millionar av driftsbudsjettet i 2019.

Les alle budsjettforslaga til dei borgarlege partia her.

Det er lite truleg at opposisjonen får særleg gjennomslag for forslaga sine, då koalisjonspartia Ap, SV, Sp og KrF er i fleirtal i kommunestyret.

 

- Annonse -