Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Arbeidet med 2019-budsjettet har vore spesielt krevjande, skriv rådmannen i innleiinga av budsjettforslaget som blir lagt fram for politikarane i dag.

Som venta er det rådmannen sitt forslag til neste års kommunebudsjett lite lystig lesning. Grunna auga utgifter og redusert skatteinngang må Stord kommune spare fleire tiltals millionar kroner samanlikna med årets budsjett.

I forslaget er det innan rehabilitering, helse og omsorg-sektoren at dei mest dramatiske kutta vert føreslått.

Vil legge ned døgntilbod i Åkervikåsen

Døgntilbodet for rusmisbrukarar i Åkervikåsen på Nysæter er føreslått nedlagt frå april 2019. Det gi ei innsparing på 1,5 millionar kroner.

Det er i dag åtte personar tilsette i bufellesskapet, som går i heildøgnsturnus.

– Dette er eit av dei områda kommunen skorar høgt på når det gjeld bustadsosialt arbeid, men og eit av dei områda me har høge kostnader på, skriv rådmannen.

- Annonse -
- Annonse -

Det er i dag fire personar som bur i bufellesskapet. For å sikre personane vil rådmannen styrke buoppfølgingstenesta med eitt årsverk.

Kutt i tilbod for utviklingshemma

Det vert føreslått å avvikle dagtilbodet på Vidsteentunet når nytt dagtilbod på Sæbø gard står ferdig.

Fritidstilboda retta mot utviklingshemma, Mandagsklubben og Onsdagsklubben, er også føreslått lagt ned.

Nattevakta i bufellesskapet i Apalvegen er føreslått avvikla, noko som vil gi ei innsparing på 1,2 millionar kroner. Rådmannen gjer og framlegg om at ein vurderer å avvikla kommunen sine bustader i Saghaugen og gi bebuarane tilbod om nye bustader, på Haga og/eller i andre bufellesskap.

– Det vil kunne redusere kostnadsveksten og gje kommunen høve til å drifte eit nytt og større bufellesskap på ein god og kostnadseffektiv måte, skriv rådmannen.

Slik som i fjor ønskjer også rådmannen å avvikle Frisklivssentralen og MOT-satsinga.

Kutt i rehab-senger, styrker heimetenesta

Rådmannen føreslår å redusere halvere sengeplassane på rehabiliteringssenteret frå dagens 16 til åtte senger. Målsettinga er å oppnå stordriftsfordeler for dei ordinære sjukeheimsplassane.

Budsjettet til Stord sjukeheim er føreslått kutta med 800.000 kroner.

- Annonse -

Når det gjeld heimetenesta føreslår rådmannen å styrke budsjettet med to millionar kroner grunna stort arbeidspress blant dei tilsette. Rådmannen vedgår likevel at dette ikkje er nok.

– Dette utgjer berre om lag halvparten av veksten i vedtak. Det vert difor naudsynt å vurdere vedtak på nytt, auke bruken av velferdsteknologi og prioritere oppdrag strengt.

Vil legge ned fritidsklubbar og stenge skeisebanen

Men det er ikkje berre dei eldre og pleietrengande som blir råka av budsjettframlegget. Også satsinga på fritidstilbod for barn og unge vil bli kutta i.

Dei fire fritidsklubbane er foreslått avvikla; Harri og Litlabø fritidsklubbar, i tillegg til Mandagsklubben og Onsdagsklubben. Sparinga for eit heilt driftsår er nær 1,1 million kroner.

Nedlegging av fritidsklubbane vil medføre at det er totalt 10 medarbeidarar som ikkje får fornya lønskontraktane sine. I tillegg er det framlegg om å trekka inn ein stilling på kulturhuset.

Rådmannen rår også til å stenge skeisebanen på Vikahaugane frå og med sesongen 2019-2020. Samstundes vert ordninga med byggvakt kvardag og helg mellom kl. 15.00 og 07.30 avvikla.

Auka skatt og avgifter

Rådmannen ønskjer å auke eigedomsskatten med 10 millionar kroner for å dekke opp for reduserte skatteinntekter.

For næringseigedomar vil auken i eigedomsskatt vere på éin promille. For vanlege bustadar og hytter er auken føreslått å vere på ein halv promille.

Det ligg også an til ei auke i kommunale avgifter.

– Grunna omfattande og kostnadskrevjande investeringar, slik dei er vedtekne i kommunedelplanane for vatn og avløp, aukar kapitalkostnadene årleg. Dette vil sjølvsagt medføre auke i dei kommunale gebyra for vatn og avløp i åra som kjem, skriv rådmannen.

Frå og med 1. januar neste år føreslår rådmannen å auke årsgebyr for vassforsyning med 11,5 prosent, og årsgebyret for avløp er føreslått auka med 5 prosent.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -