. Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Stord Kommune bør delta i «Leve hele livet»-reforma, og søke statleg finansiering av eldreomsorga, skriv Sigbjørn Framnes i Frp.

Av: Sigbjørn Framnes
gruppeleiar, Stord Framstegsparti

Regjeringa inviterar idag kommunane til å delta i reforma «Leve hele livet.» Reforma skal sikre like og gode tilbod for eldre i heile Noreg.

Om ein i tillegg ser på den økonomiske sida kan dette, i kombinasjon med statleg finansiert eldreomsorg føre til betre kvalitet til lavare kostnad. Difor børe Stord søke om å få delta i reforma og håpe at me kjem med i prøveordninga for statleg finansiert eldreomsorg.

Eldreomsorga i Stord kommune i dag

Leverer i dag gode tenester men med høge kostnadar. Eit nytt tilbygg til sjukeheimen er under bygging, her skal det være 48 nye plassar. Desse blir i langtidsbudsjettet fasa inn med 5 plassar kvart år – det vil sei at det tek nesten 10 år før alle plassane er tatt i bruk!

Stord FrP meiner at dette tyder på at me er nøydd til å tenke nytt – me har for få plassar allereie i dag!

«Leve hele livet»

- Annonse -
- Annonse -

Reforma har som mål at eldre skal få ei trygg og verdig alderdom, og baserer seg på kva eldre, pårørande, leiarar, fagfolk og frivillige ser at  verkar godt rundt om i Noreg i dag. Målet er å skapa tenester av like høg kvalitet til eldre over heile landet.

Reforma gir forbetring innafor mat, fellesskap, aktivitet og god helsehjelp. Tidlegare reformar har ofte handla om system. «Leve heile livet» handlar om menneske og om å gi eldre moglegheit til å meistra eige liv, der dei bur, heile livet. Reforma «Leve hele livet» består av 25 håndfaste og utprøvde løysingar.

- Annonse -

Statleg finansiert eldreomsorg (SfO)

I 2016 inviterte regjeringa kommuna til å delta i ei prøveordning med statleg finansiert eldreomsorg. Stord FrP sitt ynskje og forslag var at kommunen skulle delta, men dette vart diverre nedstemt av alle dei andre partia i kommuna. Som dei fleste no kjenner til var det berre seks kommunar som ynskja å delta i prøveprosjektet. Det staten skulle hjelpe til med var organisering, tildelingskriterier og å betala for dei leverte tenestene.

I mitt døme vil eg nytta Os kommune som er deltakar i prøveprosjektet. Os er ein kommune som er samanliknbar med Stord på mange område, og ikkje minst ligg han i vårt umiddelbare nærområde. Ved oppstart 1. mai 2016 hadde Os gode tenester på området. Dei hadde for få plassar, dette løyste dei ved å kjøpe sjukeheimsplassarr frå nabokommuna Samnanger. Det nye systemet vart brukt og kjøpet vart betalt av SfO – ei klår forenkling frå tidlegare.

Når den nye sjukeheimen stod ferdig i Os flytta ein brukarane attende til kommuna. I brukarundersøkingar får ein no enda høgare score på kvalitet, samstundes som dei tilsette er fornøgd. For Os kommune har dette også vore ein økonomisk suksess. Endringa har i perioden gitt ein samla positiv effekt på 90 millionar kroner for dette tenesteområdet.

Kvifor prøve ordningar frå regjeringa?

Regjeringa føl opp reforma «Leve heile livet» og løyver pengar allereie frå statsbudsjettet 2019. Dei har i tillegg signalisert at dei ynskjer å utvide ordninga for statleg finansiert eldreomsorg. Erfaringa frå Os gjer dette til ein gyllen moglegheit også for Stord Kommune.

Så kva gjer me?

Stord FrP håpar at fleirtalet av politikarane på Stord no ser at deltaking i reformar frå regjeringa verkar. Innbyggjarane vil få betre tenester til lågare kostnad. Me heier på tiltak som gjer livet betre for våre eldre, ynskjer reforma velkomen og ber dei andre partia bli med!

- Annonse -