I februar kjem Kvelertak tilbake til Stord. Foto: Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sist Kvelertak gjesta Stord var det høgt energinivå på Arena. Vokalist Erlend Hjelvik forventer det same når dei no returnerer til Leirvik, som ein av fem utvalde småbyar i landet.

– Stord blir nok «Texas» som vanleg. Sist gang var det ganske hissig stemning, med minst eit par slåsskampar ute blant publikum. Me satsar på at energinivået blir det same, men utan slåssing, opplyser Hjelvik til GAFFA Norge.

Hardcore-bandet Kvelertak har valt ut Stord som ein av fem småbyar dei skal halde konsert i, før dei legg ut på turné i den store verda saman med legendebandet Metallica.

Fredag 23. februar kjem dei tilbake til Arena. Fire år har gått sidan førre konsert. Då var konserten utseld mange dagar før dei stod på scena.

– Kjenner meg ikkje att

Sjølv meir enn ein månad før årets konsert så er 200 av billettane selt, av totalt 380 billettar.

– Det blir nok utselt i år også, seier dagleg leiar på Bakeriet Frugård, Geir Kannelønning.

- Annonse -
- Annonse -

Han kjenner seg likevel ikkje att i Kvelertak sine skildringar av Stord-publikumet for fire år sidan.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i dette. Eg var no på jobb den kvelden, og det var lite slåsskampar å sjå, så eg veit ikkje om dei har blanda oss med nokon andre.

Dårleg rykte

Det er ikkje første gong konsertpublikummet på Stord får dårlege skussmål. Tilbake i 2006 gjekk Turboneger av scena etter at ein publikumar kasta øl på bandet. Og i 2010 uttalte stand-up-komikar Vidar Hodnekvam at Stord-publikummet var det verste han hadde opplevd.

Kannelønning trur ikkje det stemmer at Stord-publikummet har dratt på seg eit dårleg rykte.

- Annonse -

– Hadde me hatt eit så dårleg rykte blant artistane hadde me ikkje klart å booke desse banda. Me får tvert i mot veldig gode tlbakemeldingar.

Frugård-sjefen fortel at han også har booka bandet Skambankt til Arena i oktober.

Kvelertak er eit norsk hardcore/metal band frå Stavanger. Bandet starta opp i 2007 og ga ut debutplata Kvelertak tre år seinare. Då Kvelertak var oppvarmingsband for Foo Fighters i 2011, fekk dei utdelt si første gullplate av sjølvaste vokalist Dave Grohl.

Sidan oppstart har dei gitt ut tre album og vunne fire Spellemannspriser. Dei har opptredd på fleire store musikkfestivalar i både Europa og USA.

– Kult å spele på mindre scener

Sommaren 2012 spelte dei på Roskildefestivalen i Danmark, der frontfigur James Hetfield frå Metallica fekk augene opp for bandet. No når Metallica er ute på «Worldwired»-turné i Europa, er Kvelertak med som oppvarmingsband.

I løpet av våren skal Kvelertak innom fem utvalde plassar i Noreg for å halde eigne konsertar. Det er med god grunn at bandet ynskjer å kome tilbake til Stord.

– Det er kult å spele på mindre scener. Me har jo vore litt bortskjemte med det i det siste. Det blir meir intimt og punk i forhold til om du spelar på ein svær arena. Det kjem til å bli enormt kjekt, opplyser Hjelvik til GAFFA Norge.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -