Foto: Statsbygg
- Annonse -

– Det er ekstremt skuffande viss dei allereie har konkludert utan at det har vore innom politisk handsaming. Dette er urovekkjande, seier Geir Angeltveit (V).

I samband med regionreformen vil Vestland fylke ta over Statens Vegvesen sine arbeidsplassar knytt til fylkesvegane.

Den siste tida har byråkratane jobba i det skjulte, utan politisk påverknad, i å fordele 16 leiarstillingar rundt om i Vestland fylke. I eit ferskt notat kjem det fram at berre éin av desse 16 stillingane kan bli lagt til Stord.

Dermed hamnar Stord i bakevja, som er den nest største bu- og arbeidsmarknadsregionen i Vestland, samanlikna med andre tettstadar i nye Vestland.

Til samanlikning har byråkratane bestemt at Førde er aktuell for fire leiarstillingar, Nordfjordeid er aktuell for tre leiarstillingar og Voss er vurdert som aktuell for heile fem leiarstillingar.

Leikanger er i ein særstilling, då Statens Vegvesen har regionkontor her frå før.

- Annonse -

– Ikkje tenleg å legge leiarfunksjonar til Stord

Dina Lefdal er samferdselsdirektør i Sogn og Fjordane, og har hatt ansvar for fordelinga av 16 leiarstillingar innan samferdsle. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det stemmer at det berre er éin av desse 16 leiarstillingane me opnar for at kan bli lokalisert til Stord, stadfestar fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal til Stord24.

Det er ho som har hatt ansvaret for prosessen med å fordele dei nye leiarstillingane. Årsaka til at det ikkje blir satsa på Stord seier ho er at kontoret på Vabakken i dag nyttar lite ressursar på veg.

– Bakgrunnen er rett og slett at tilsette frå Statens vegvesen som arbeider innan fylkesvegområdet skal overførast til fylkeskommunen. Oversikta frå Vegvesenet viser at det er veldig lite ressursar som blir brukt på fylkesvegadministrasjon på Stord-kontoret i dag. Difor har me ikkje sett det tenleg å legge leiarfunksjonar til Stord.

Har rett på jobbane sine

Ho forklarar plasseringa med at leiarane som i dag er tilsett i Vegvesenet har rett på å få halde fram i jobbane sine når dei vert overført til Vestland.

– Me må basere organisasjonen vår på kor Vegvesenet har brukt ressursar på fylkesvegområdet. Me legg opp til at dei aller fleste tilsette me får over frå Vegvesenet vil ha arbeidsplass enten i Bergen eller i Leikanger.

– Kvifor kan det då ha seg at tre leiarstillingar vert vurdert lagt til Nordfjordeid, som er ein kommune med ein tredjedel av innbyggjartalet til Stord?

– På Nordfjordeid har vegvesenet i dag folk som sit i leiarstillingar litt utover det dei har på Stord. Me har ein avtale med Vegvesenet om korleis overføringa av dei tilsette skal skje. Dette handlar om folk sin rett til å følgje dei oppgåvene dei har i dag.

– Er det slik at du som fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane gjer det du kan for å sikre mest mogleg arbeidsplassar i denne delen av Vestland?

– Nei, det har ingenting med vurderinga å gjere.

– Er denne avgjersla hogd i stein?

– Me har hatt drøftingar med tillitsvalde og blitt samde i korleis dette skal sjå ut. Me kjem til å køyre denne prosessen vidare, og så får me eventuelt ta til etterretning eventuelle politiske signal. Men omorganiseringa er i hovudsak fylkesrådmannen sitt ansvar.

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Hordaland fylkeskommune

– Ekstremt skuffande

At byråkratane har plassert leiarstillingar i det skjulte, utan at politikarane har fått uttalt seg, får fylkespolitikar Geir Angeltveit (V) til å reagere.

– Det er ekstremt skuffande viss dei allereie har konkludert, utan at dette har vore innom fellesnemnda. Dette er urovekkjande.

– Viss me ikkje får sjanse til å kommentere og korrigere organiseringa av den nye fylkeskommunen før det blir hogd i stein, så er det ein kritikkverdig prosess den nye fylkesrådmannen legg opp til, seier Angeltveit.

For berre ei veke sidan var representantar frå fylkeskommunen på dialogmøte på Stord. Her vart ikkje fordelinga av veg-stillingane nemnd. Det meiner Angeltveit er kritikkverdig.

– Det er veldig forvirrande og dumt at dei ikkje tok dette med seg då dei var i dialogmøte for ei veke sidan. Dette visste dei då. Dette blei ikkje plutseleg bestemt i dag. Viss det er slik at dei kom til Stord på falske premiss, så seier det litt om tillitten ein kan ha i denne prosessen.

Då fylkesrådmann Rune Haugsdal var på Stord under dialogmøtet, sa han til Sunnhordland at han ikkje kunne love nokre nye stillingar til Stord. Haugsdal seier til Stord24 at han ikkje ønskjer å kommentere plasseringa av leiarstillingane innan veg, og viser til Dina Lefdal for kommentar.

– Kan ende opp med å miste Sunnhordland

Sigbjørn Framnes (Frp) er også uroa over utviklinga. Han meiner Vestland no må gjere alvor av lovnadane om at Sunnhordland skal bli prioritert i regionreforma.

– Eg har heile tida vore tydeleg på at Stord må prioriterast. Det er mange ting som no skjer av overordna reformar som knyt oss sørover. Viss ikkje Vestland no følgjer med kan dei i verste fall miste Sunnhordland til Rogaland fylke. Det er ikkje noko me trugar med, men det er ein realitet.

Sigbjørn Framnes i Frp, foto: Jonas Sætre/Stord24

Framnes meiner politikarane i Hordaland som ivra for regionreforma har eit forklaringsproblem overfor sunnhordlendingane.

– Ein av tinga dei har beroliga oss med var moglegheit for eit kontor i sør knytt til samferdsle. Det var ein av tinga som var nemnd i intensjonsavtala.

Frp-politikaren reagerer ikkje minst på den totale samansetninga av offentlege arbeidsplassar i nye Vestland, der Sogn og Fjordane kjem desidert best ut.

– Sunnhordland er regionen med minst statlege og offentlege stillingar og Sogn og Fjordane har desidert mest. Viss det ikkje er vilje til å gjere endringar kjem me berre dårlegare og dårlegare ut. No må dei som styrer stå til ansvar. Dette var nettopp ein av grunnane til at me røysta i mot internsjonsavtala, seier Framnes.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal ta opp saka i sitt neste møte 10. mai.

For Sunnhordland er dette eit dårleg utgangspunkt, ved at berre ein funksjon kan bli lagt til Stord. Fleire av funksjonane som er føreslege til Voss kan og leggjast til Stord, skriv Samarbeidsrådet.

Samarbeidsrådet føreslår at ordførarane i Stord og Austevoll ber om eit møte med fylkeskommunen for å overbevise dei om å legge fleire leiarstillingar til Stord. Men skal ein tru samferdselssjefen i Sogn og Fjordane, så vil ein vere alt for seint ute, då fleire av stillingane allereie er lyst ut.

- Annonse -