Jane Jünger er blant initiativtkarane til arrangementet. Foto: DNS
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Skal setje fokus på miljøutfordringar gjennom konsentrerte og underhaldande innlegg frå engasjerte folk på Stord.

Ordet PechaKucha kjem frå japansk og betyr «lyden av folk som snakkar». Det er både ei presentasjonsform og eit kulturarrangement der programmet består av fleire korte presentasjonar.

Føredragshaldarane har 20 bilete på 20 sekund kvar på å framføra innlegget sitt før neste deltakar entrar scena.

– Formatet gjer at presentasjonane blir konsentrerte og underhaldande. Eg håpar me kan by på eit mangfald av kreativitet og klimaløysingar i konsentrert form, seier initiativtakar Svein Olav B. Langåker, som til dagleg er redaktør i Framtida.no.

Langåker skriv at Stord blir éin av kring 1000 PechaKucha-byar i verda når arrangementet skjer på måndag klokka 19 i Atheno sine lokale på Vabakken. Arrangementet er ein del av Berekraftvekene på Stord.

- Annonse -

Mellom dei som kjem er Jane Jünger frå Wärtsilä som skal snakka om klimaleiing og møtet hennar med Al Gore. Jan Petter Myhre, informasjonssjef SKL, skal snakka om hydrogensatsinga til SKL.

- Annonse -
- Annonse -

Kristian Notland Harnes, nytilflytta møbeldesignar, kjent frå rockebandet Pony the Pirate skal snakka om berekraftige møblar frå det nystarta selskapet Nuen på Huglo.

Stein Eldøy Rosland frå Sykkel & Kaffi om elsykkel på Stord og fotograf Kristian L. Nicholls skal snakka om insekt, fuglar og klimaendringar. Elles kjem Vigdis Haga for å snakka om korleis det var å starta som birøktar og Ingelill Handeland Eide frå Reko-ringen fortel om kortreist og berekraftig mat.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -