Snart kan elbilsjåførar på Stord lade bilen sin ca. sju gonger raskare når Circle K på Vabakken får lynladestasjon.
Det er selkapet Ionity som står bak ein storstilt utbygging av lynladestasjonar over heile Europa, for å bygge opp infrastruktur til framtidas generasjon av elbilar.
I Norge har dei alliert seg med Circle K, som vil saman vil føre opp rundt 20 lynladestasjonar i Norge innan av 2020.
Ladar mange gonger raskare
No er det klart at Stord og Circle K på Vabakken får ein av desse stasjonane. På baksida av bensinstasjonen vil dei installere fire ladepunkt med ein kapasitet på 1250 kVA.
– I dag er det 50 kW på hurtigladestasjonar. På lynladarane kan du lade på opp til 350 kW. Det er sju gonger raskare. Men kor fort det går å lade, avhenger også av bilen, seier Jan Haugen Ihle, som er regionssjef for Ionity Nord-Europa til ABC Nyheter.
Grunnen til at Stord er valt ut blant dei 20 første stasjonane er truleg at selskapet prioriterer å bygge ut nettverket mellom dei største byane i Norge: Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
Ikkje for alle elbilar
I startfasen vil det vere ein flat pris på 80 kroner for å lade på hurtigladestasjonen. Men Haugen Ihle seier det truleg vil vere slik at nokre bilprodusentar gir ein ladeavtale på Ionity sine stasjonar.
Ionity opplyser i søknadsbrevet til NVE at dei allereie har fått positivt svar på byggesøknaden frå Stord kommune.
Nettstasjonen tilknyta ladestasjonen vil koplast til Haugaland Kraft sitt høgspentnett.
Vel å merke er det berre enkelte modellar som kan ta i bruk lynlading per i dag, mellom anna Tesla, Huyndai Ioniq, Kia Soul og Audi E-tron. Det er dei som har den standardiserte ladeutgangen CCS, og ikkje mogleg å med CHAdeMO-utgang, som blant anna Nissan Leaf nyttar seg av.