Stordpakken ville mellom anna ha finansiert ny sykkelveg mellom Heiane og Vabakken bli. Skisse: Statens Vegvesen
- Annonse -

Bilverkstaden på Vabakken varslar at dei må stenge ned drifta grunna bortfall av parkeringsplassar i samband med bygging av ny sykkelveg.

Det er Mester Eiendom AS som i eit brev til Hordaland fylkeskommune kjem med kraftige protestar mot dei planlagde sykkelveg-planane mellom Heiane og Vabakken.

– Planen inneberer særs store inngrep i tomta og vil resultere i svært store konsekvensar for drifta til vår leigetakar Stord Bil og Dekksenter, skriv selskapet.

Mister parkeringsplassar

Ifølgje tomteeigaren vil utearealet til bilverkstaden bli redusert med over 50 prosent, frå 867 kvadratmeter til 550 kvadratmeter, noko som vil ha store konsekvensar for parkeringsarealet til bilverkstaden.

– Dersom denne planen vert realisert vil det bli for lite restareal og me vil miste nær sagt alle parkeringsplassane våre, og om me skal oppretthalde parkeringsplassane vil det ikkje vere mogleg å køyre bilar inn og ut av verkstaden sin hovudport.

- Annonse -

– Dette vil medføre at drifta av Stord Bil og Dekksenter AS ikkje vil vere hensiktsmessig, med dei følgjene det får for dei tilsette.

Erstatningskrav

På bakgrunn av dette varslar Mester Eiendom erstatningssøksmål dersom vedtaket frå Stord kommune vert ståande.

– Me klagar med dette vedtaket gjort i kommunestyret og varslar om at dersom vedtaket vert oppretthalde, vil det medføre betydeleg erstatning-/utløysingskrav frå Mester Eiendom si side.

Verkstaden skriv at dei ikkje fekk varsel frå kommunen under høyringa i 2015, og ber Stord kommune dokumentere dette. Kommunalsjef Lovise Vestbøstad sa til Sunnhordland denne veka at dei skal ha fått varsel, og blitt invitert til eit ope informasjonsmøte oms aka.