Gründer Ole Arthur Waage i AquaPro vann innovasjonspris i Bergen. Foto: AquaPro
- Annonse -

Gründer Ole Arthur Vaage og bedrifta hans AquaPro vann førstepremien for beste innovasjonsprosjekt under arrangementet «Bergensbølgen».

Prisen vart delt ut i Bergen i dag. Det er Sysla, Maritime Bergen, Connect Vest og klyngeorganisasjonane NCE Maritim CleanTech, NCE Seafood Innovation og GCE Subsea som står bak.

– Det er NCE Maritime CleanTech, som me er medlem i, som er valt oss ut som gründerbedrift til å pitche vår idé på denne scena, fortel Ole Arthur Vaage til Stord24.

Fiskebæsj til brensel

Og ideen er like enkel som den høyres ut: AquaPro skal gjere fiskeavføring om til brennbart materiale. Stord24 skreiv om forretningsideen i fjor.

– Me vil hente fiskeslam om bord på skipet vårt, tørke det og bruke det til brensel som erstatning til kol, fortel Vaage.

Gründeren fortel at selskapet nyleg har henta inn ekstern kapital, og er klare til å prøve ut ideen i praksis allereie i haust.

- Annonse -

– Me har fått inn ny kapital og nye eigarar som gjer at me er i stand til å gå ut i ein fullskala pilot. Me vil utryste ein båt som kjem til å gå rundt og prosessere og hente tørka slam, allereie frå november.

At bedrifta har fått eksterne investorar er Vaage naturlegvis veldig glad for.

– Dette er me godt nøgd med. Det er jo nettopp dette som er utfordringa for gründerbedrifter, å få ideen til å bli verksam. Det betyr at me kan drive på vidare, og at me har ein tryggleik for økonomien eit par år fram over viss me ikkje kjem i drift. Men me trur me kjem på drift allereie i januar til neste år.

Miljøvenleg løysing

Han fortel at båten kjem til å ha base i Sunnhordland, og gå rundt i Sunnhordland, Bjørnefjorden og Ytre Hardanger. Det er Brødrene Bakke AS og Tysnes Sjøtransport som har gått inn som investorar, og selskapet har fått avtale med sementgiganten Norcem.

– Norsem vil bruke fiskeslamen som erstatning til kol i ovnane. Dei vil først brenne materialet som me skal tørke, og slik redusere fotavtrykket. Me har inngått samarbeid med dei som mogleg kjelde til levering av dette avfallsproduktet.

– Kor viktig er det å få ein slik innovasjonspris?

– Det er først og framst ei anerkjenning på at me har gjort ting rett til no, og at me har eit godt prosjekt.

– Kan bli mange arbeidsplassar

Stord-gründeren har tru på at bedrifta kjem til å tilsette fleire årsverk i tida som kjem.

– I dag er me berre to årsverk, men allereie når piloten kjem i gang vil det vere mellom to og fire nye arbeidsplassar. Så kan det bli mange arbeidsplassar viss dette kjem på plass kommersielt, og det har me tru på. Det er store slammengder det er snakk om.

- Annonse -